Hopp til innhold

Staten snur etter press – tek mindre frå kraftkommunane

Regjeringa vil likevel ikkje halde tilbake milliardar av kroner til kraftkommunar som har tent godt på høge straumprisar.

Kraftverk

REGJERINGA SENDER BREV: Norske kraftkommunar fekk i dag brev om at nedtrekket i rammetilskot ikkje blir så stort som regjeringa fyrst signaliserte.

Foto: Knut Slettemo / SCANPIX

Kommunar og fylkeskommunar fekk i dag brev om at nedtrekket i rammetilskot ikkje blir så stort som regjeringa fyrst signaliserte.

– Dette er gledeleg for både folk, bedrifter og mange kommunar i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

NRK har vore i kontakt med eit titals «kraft-ordførarar», som ikkje er fullt så glade som ministeren legg til grunn:

  • Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger: – Det er bra at dei lyttar, men behovet for justering allereie no syner at dette var ei forhasta ordning.
  • Jonas A. Sayed (KrF), ordførar i Sokndal: – Eg er forsiktig avventande til eg ser kva dette vert for oss i kroner og øre.
  • Arnstein Menes (Sp), ordførar i Sogndal: – Dette er eit steg i rett retning, men langt frå løysinga.

Sjå fleire reaksjonar under:

  • Audun Mo
    Preben Nedreberg Holmøy / NRK

    Audun Mo, ordførar i Lærdal

    – Eg er glad departementet har teke til fornuft. Men eg vil vere forsiktig med å vere for glad. Det er endå ting det står att å avklare, og eg har endå ikkje fått signal om storleiken på nedtrekket.

  • Per Sverre Kvinlaug, ordførar i Kvinesdal.
    Lars Eie / NRK

    Per Sverre Kvinlaug, ordførar i Kvinesdal

    – Eg synest det bra at statsråden varslar endringar i ordninga, men det er framleis uvisse og behov for avklaringar. Eg forventar at regjeringa endrar trekka i rammetilskotet slik at det blir i samsvar med dei føresetnadene som vart lagt til grunn.

  • Hilde Enstad, ordførar Kvinnherad kommune
    Tale Hauso

    Hilde Enstad, ordførar i Kvinnherad

    – Eg er fornøgd med at kommunalministeren omsider tek innover seg at han ikkje kan trekkje inn inntekter som kommunane ikkje kan realisere. Trekket for kommunen vår, Kvinnherad, blir framleis langt over den tredelen som Vedum og Støre skisserte på pressekonferansen i september.

  • Petter Sortland
    Håvard Nyhus

    Petter Sortland, ordførar i Høyanger

    – Bra at dei lyttar, og dette er eit steg i rett lei. Men behovet for justering allereie no syner at dette var ei forhasta ordning.

  • Jonas Andersen Sayed
    Erik Waage

    Jonas A. Sayed, ordførar i Sokndal

    – Det er absolutt eit godt signal at kommunalministeren har teke til seg kritikken, men eg forsiktig avventande til eg ser kva dette utgjer for oss i kroner og øre. Heile denne saka har vore utruleg klønete handtert frå starten av, og har skapt mykje unødvendig mykje uro ute i kommunane.

  • Arnstein Menes
    Maria Gunnarsdotter Svedal

    Arnstein Menes, ordførar i Sogndal

    – Dette er eit steg i rett retning, men langt frå løysinga på saka som har skapt so mykje misnøye. Prosentsatsen på om lag ein tredel, som vart til 93 prosent over 70 øre/KWH veit me framleis ikkje noko om. Saka er framleis ikkje godt nok greidd ut, og me ventar framleis svar på mange spørsmål.

  • Anders Vatle
    Lidvard Sandven

    Anders Vatle, ordførar i Eidfjord

    – Eg har ikkje sett det formelle brevet frå KDD endå, og har bede administrasjonen varsla meg straks me har fått det. Ei bekymring for meg er om kommunebudsjett og tenesteyting i kommunane som har fått dette trekket, framleis vert pålagt risikoen for svingane straumpris.

  • Olav Hallset,
    NRK

    Olav Hallset, dagleg leiar i Kraftfylka

    – Det er veldig positivt at regjeringa lyttar til innspel og justerer kursen når premissane for tiltaket viser seg ikkje å halde, men det skulle jo berre mangle. Det blir vanskeleg når ein først finn svaret (3 milliardar), og deretter skal regne den heimen med usikre føresetnader.

  • Ove Trellevik
    Vidar Ruud / NRK

    Ove Trellevik, Høgre

    – Det var på tide. Det er eit paradoks at kommunalministeren la 2 kroner til grunn, når næringsministeren reiser land og strand rundt å fortel at straumavtalane til næringslivet no er godt under 1 kr. For fleire kommunar vil reverseringa no bli kjærkommen, men utfordringane for nokre er at dei alt har skyve på investeringsplanar og anna.

  • Lars Haltbrekken (SV) i vandrehallen på Stortinget.
    Terje Pedersen / NRK

    Lars Haltbrekken, SV

    – Det er bra dei reduserer kuttet. Enkelte kommunar vart sterkt ramma av dette.

  • Helge André Njåstad
    Nadir Alam / NRK

    Helge André Njåstad, Frp

    – Dette viser at regjeringa rotar frå dag til dag. Her presenterte dei ein pakke 28. september, så kom dei med heilt andre tal 22. desember og no altså endå eitt tal i dag. Eg skjønner godt kommunane opplever dette som uføreseieleg og rotete. Løysinga er, som Frp har løfta i eit forslag til Stortinget, at kuttet blir 1/3. Det er det einaste rette.

Vedtaket slo ned som «ei bombe»

Før jul vedtok Stortinget eit eittårig trekk i rammetilskotet på 3 milliardar kroner i 2023.

Vedtaket slo ned som «ei bombe» i fleire av dei såkalla kraftkommunane, som reiste felles bust.

I januar reiste eit koppel ordførarar frå fleire kraftkommunar til hovudstaden for å gå i rette med kommunalministeren.

Les også Kraft-ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar om milliardkutt

Ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar

Ordførarane hadde også kurs for Statsministerens kontor, men «møtekollisjon» gjorde at Jonas Gahr Støre (Ap) likevel ikkje hadde høve til å treffe dei.

Kommunalministeren har også måtte forklare seg til Stortinget.

– Vi fekk ei erkjenning av at det ikkje var eit perfekt system, sa Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb til NRK i etterkant av «oppvasken».

Ordfører i Voss, Hans-Erik Ringkjøb (Ap)

I januar reiste Hans-Erik Ringkjøb (Ap) og eit koppel andre ordførarar frå fleire kraftkommunar til hovudstaden for å gå i rette med kommunalministeren.

Foto: Oddgeir Øystese

Statsråden forventar at kraftkommunane «bidreg ekstra»

Kritikken mot nedtrekket har så langt gått langs fleire spor:

  • Straumprisen som ligg til grunn for utrekninga er for høg (2 kroner). Analytikarar flest trur snittprisen i 2023 vil bli vesentleg lågare, nærare 1 krone per kilowattime.
  • Kutta rammar ulikt frå landsdel til landsdel
  • Fordelingsnøkkelen er ikkje transparent nok og «vanskeleg å få tak på»
  • Nedtrekket er i praksis høgare enn ein tredel av inntektene frå konsesjonskraft (som er det Stortinget sa ja til)
  • Kommunar som sel krafta til fastpris (og ikkje får del i prisoppgangen) vert «straffa for å vere solidariske»

I det nye nedtrekket kjem departementet fleire av ankepunkta i møte.

Les også Desse kommunane taper mest på statens «kraft-grep»

Lærdal

Det nye årsanslaget for straumpris byggjer på spottprisen så langt i 2023, og terminprisar for resten av året.

Den endelege storleiken på nedtrekket vert ytterlegare justert i desember, i samband med nysalderinga av budsjettet for 2023.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp) seier han forventar at kraftkommunane «bidreg ekstra» i ei tid der dei har store meirinntekter.

– Men trekket må stå i eit rimeleg forhold til dei meirinntektene dei faktisk kan realisere, presiserer han.

Inntektene til kraftkommunane var 4 milliardar i 2021. Til samanlikning viser berekningar at dei ligg an til 13 milliardar i 2022 og 11 milliardar i år.

Tilliten til departementet vart sett på ei alvorleg prøve

– Vi har lytta til kommunane. Dette trekket av ekstraordinært høge inntekter må bli så rett som mogleg. Vi kan ikkje basere eit trekk basert på for høg spotpris, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Lene Vågslid.

Leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK), Jon Rolf Næss, seier til NRK at tilliten til kommunaldepartementet «vart sett på ei alvorleg prøve» då kommunane 22. desember fekk beskjed om eit «uforståeleg stort trekk».

Vi er glade for signala regjeringa sender. Men kommunane kjem til framleis å følgje saka tett, fram til vi konkret veit kva slags tal regjeringa til slutt kjem med.

KS-direktør Helge Eide har tidlegare uttalt at han har «registrert til dels kraftige reaksjonar» ute i Kommune-Noreg og har spurt seg om grunnlaget for trekk er godt nok forma ut.

I dag rosar han regjeringa for snuoperasjonen:

Dette er klokt politisk handverk frå regjeringa.

Les også Ordførar-opprør etter milliard-kutt til kraftkommunane

Kraftverk

Muntlig spørretime i Stortinget.

– Vi kan ikkje basere eit trekk basert på for høg spotpris, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Lene Vågslid.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NPK