Hopp til innhold

Står på rekke og rad for å ta opp kampen med «Trollpikken»

Beinhard kamp om å ta over etter den avknekte steinformasjonen i Dalane. Fylket med Trolltunga jaktar fleire kroppsdelar.

Trollpikken i Bømlo

LANG, MEN TYNN: «Langt over middels, men litt tynn», skriv Jostein Waage om Trollpikk-kandidaten han nominerte i helga.

Foto: Tommy Waage

Sommaren 2017 ser ut til å bli ein sommar i fallosen sitt teikn. På ei dryg veke klarte ein spesiell steinformasjonen i Egersund å setja eit fast inntrykk på det norske turistkartet.

Frå «Trollpikken» vart rikskjendis 20. juni, gjekk det kort tid før både lokalt reiseliv og den lokale sjokoladefabrikken såg uforløyst potensial i den veldreidde formasjonen. Skuffinga var difor enorm då eit turfølgje i helga oppdaga at Trollpikken i Dalane var knekt rett av ved rota.

Trollpikken

ORIGINALEN: Trollpikken i all sin prakt, før han blei utsett for hærverk og mista manndomen i helga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Finnmarking: – Imponerer ikkje oss

Medan omtala har gått i taket og pengane har trilla inn for å få gjenreist steinlemen, har andre nytta høve til å peika ut erstattarar i sine distrikt. I staden for å gå i gløymeboka, har den avkappa fallosen i stein fått hard kamp frå andre deler av landet.

– Finnmarkingane har den største pikken, konkluderte fotograf Bernt Nilsen frå Kirkenes, då han la ut fleire bilete av den svulmande steinformasjonen på Reinøya i Sør-Varanger kommune i helga.

Men konkurrenten i Sør-Varanger kommune er ikkje så lett å finna, erkjenner fotografen.

– Han er ikkje så kjent, og ein må ta båt for å sjå han. Men det er mogleg å leggja til rette for at også han kan bli ein turistattraksjon, uttalte Nilsen til NRK.

Trollpikken i Brandasundet, Bømlo

BØMLAPIKKEN? Namnet på staken i Brandasundet i Bømlo kommune, manglar enno.

Foto: Jostein Waage

Vil supplera Trolltunga med ein ny kroppsdel

Hordaland har allereie turistmagneten Trolltunga i si samling over trolske kroppsdelar. Difor er det naturleg at nabofylket steppar inn, dersom det viser seg at Trollpikken i Rogaland ikkje vaknar til live.

– Han står skikkeleg, denne her.

I helga la Jostein Waage frå Bømlo ut bilete av det han meiner fortener meir heider og ære. Det var avisa Sunnhordland som først omtalte innlegget.

– Han er lettare å nå enn Trolltunga. Ein treng ikkje noko redningsaksjon der, med mindre folk går seg aldeles fast etter å ha sett steinen, seier Waage om formasjonen i Brandasundet.

  • Har du namneforslag til steinen i Bømlo? Bruk kommentarfeltet nedst i saka!

Waage knipsa nokre bilete av steinen ved juletider.

Sidan har ikkje Waage tenkt så mykje over han, før han las om Trollpikken i Eigersund.

– Denne er lengre og fastare.

Reiselivsansvarleg er klar

– Han er som Waage seier: litt strammare og finare, men altså ... ja, seier Linn Therese Vinje i Visit Sunnhordland.

Reiselivsansvarleg meiner steinfasongen i Brandasundet kan vera ein interessant tilvekst til regionen.

– Det krevst litt marknadsføring, men no har allereie Rogalands-regionen starta noko, så då er det lettare å hiva seg på. Det er også ein god måte å spreia turisttrafikken til større attraksjonar på.

Namnet er ho ikkje heilt sikker på.

– Eg kan tenkja meg at det finst gode lokale vinklingar allereie. Men eg er austlending, så eg tør ikkje prøva meg.

  • Har du namneforslag til den utprega fjellformasjonen? Skriv ditt forslag under!