Hopp til innhold

Trollpikken har gitt stor auke i turismen

EIGERSUND (NRK): Talet på overnattingsdøgn for ferie- og fritidsturistar i Dalane er meir enn dobla dei siste fem åra. Trollpikken får ein god del av æra.

Trollpikken

TROLLPIKK-EFFEKT: Sommaren 2017 blei Trollpikken lansert som ein ny turistattraksjon i Dalane. Kort tid etter blei han kappa ned og deretter reist på ny.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg er faktisk litt overraska over trykket frå turistane. Det er absolutt blitt ein kjent stein, seier Sølvi Gravdal Madland, som jobbar i resepsjonen på Grand hotell i Egersund.

Det er lenge sidan alt oppstyret rundt Trollpikken roa seg ned, men framleis er han eit ynda Instagram-motiv som lokkar nye turistar til regionen.

Trollpikken på Instagram
Foto: @metteishere
Trollpikken på Instagram
Foto: @anitaeie1
Trollpikken på Instagram
Foto: @fabio_sensi
Trollpikken på Instagram
Foto: eweelina.kud
Trollpikken på Instagram
Foto: @kristinabergsvik
Trollpikken på Instagram
Foto: @vagabjorn

– Me kom til Stavanger for å sjå Preikestolen. Turen ned hit til var kort, og på bilda ser Trollpikken veldig fin ut, seier Bruno Cools frå Belgia.

Han har nettopp parkert leigebilen på parkeringsplassen til Trollpikken. Saman med reisefølget An Gys er dei klar for den korte gåturen, som kanskje skal kombinerast med ein middag i Egersund.

Bruno Cools og An Gys

UTFORSKAR REGIONEN: An Gys og Bruno Cools er frå Belgia, men bur i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal

Mange fleire overnattingar

Nye tal frå kommunen viser at dei ikkje er aleine om å bli lokka ned til Dalane.

– Det som er interessant er at ferie og fritid har auka kraftig dei siste åra, og det er ei trend som skil seg ut. I tillegg ser me meir heilårsturisme enn tidlegare, seier Juste Druskiniene, rådgjevar for Eigersund næring og hamn.

Talet på overnattingsdøgn for ferie- og fritidsturistar har gått frå 7000 til nesten 14.800 i Dalane dei siste fem åra. Frå 2018 til 2019 var oppgangen på ti prosent.

Oppgangen var allereie på gang før 2017, noko som kom etter ei bevisst satsing i samanheng med oljenedturen.

Likevel kan ein takka Trollpikken for at det har tatt så veldig av, meiner Druskiniene.

– Turen dit er blant dei mest attraktive vi har i denne regionen, og mange turistar ønsker å besøka han.

Geir Sølve Hebnes Sleveland

EFFEKT: I tillegg til Trollpikk-effekten har ein oppsving i næringslivet også gitt hotelldirektør Geir Sølve Hebnes Sleveland grunn til å smila. Dei har langt fleire forretningskundar også.

Foto: Mathias Oppedal

Ingen flopp

Etter steinen blei kjent sommaren 2017, tok det ganske kjapt heilt av. Grunnen var at vandalar kappa han ned, noko som førte til pressedekning over heile verda.

Byen mobiliserte, og steinen blei reist igjen. Operasjonen blei følgt direkte av fleire norske mediehus.

– Den sommaren var det jo 25.000 som besøkte steinen. Folk fekk augo opp for kva potensial som faktisk ligg her, seier Geir Sølve Hebnes Sleveland, hotelldirektør på Grand hotell.

Faksimile av oppslag om Trollpikken

Trollpikken fekk omtale over heile verda då han blei kappa ned.

Foto: NRK

Sommaren 2019 var det om lag 3000 bilar som parkerte på parkeringsplassen ved Trollpikken. Noko som syner at det også kjem mange i normalsesong.

Framover vil det handla å få ennå fleire av desse ned til Egersund sentrum, ifølgje hotelldirektøren.

– Det er det me må jobba med nå. Folk legg igjen litt pengar, men dei kan legga att endå meir, seier Hebnes Sleveland og humrar.

Laster innhold, vennligst vent..