Kjetil Bentsen har stått i spissen for å gjera Trollpikken i Egersund til ein av Dalane-regionen sine største turistattraksjonar. Søndag kveld er det ein glad, men sliten mann, NRK snakkar med.
- Les også:
– Det er heilt vilt. Helga byrja jo depressivt, men det er snudd til eit enormt engasjement. Og klarer me å få den opp igjen, så er det heilt fantastisk, seier Bentsen.
På laurdag føremiddag såg det svart ut for Trollpikken og for Kjetil Bentsen, men på søndag kveld hadde det endra seg.
Foto: Erik Waage / NRKLokal entreprenør stiller opp
Nå ser det faktisk ut som steinformasjonen skal koma tilbake i same struttande posisjon som før helga. Sverre Garpestad, eigar i entreprenørselskapet Bertelsen og Garpestad, har lova å stilla opp.
– Han har sagt at det me ikkje klarer å samla inn av pengar, det stiller han opp med sjølv, opplyser Bentsen.
- Les også:
Truleg er steinen på mellom åtte og ti tonn, så det må byggjast ei kran ute i terrenget der steinformasjonen står.
– Sverre Garpestad meiner at to til fire mann, som jobbar i ei veke, skal klare å få steinen på plass igjen, seier Bentsen.
Pikken skal herdast
Reparasjonen skal gjerast ved først å bore hol både i steinen og inn i fjellet, der den tidlegare sto.
Ein slik kile blei liggjande igjen etter dei som øydela steinformasjonen.
Foto: Eirik Waage / NRKDeretter set ein jernstenger og ein form for mørtel inn i borehola og heiser steinen på plass.
– Eg er lova at resultatet skal bli ein herda Trollpikk – både armert og herda, fortel Bentsen.
Får mange tips
Politiet i Egersund har lova å starta etterforsking på måndag, for å finna ut kven som kutta av Trollpikken natt til laurdag.
- Les også:
Bentsen har fått så mange tips om mogelege gjerningsmenn, at han har god tru på at politiet kjem til å finne ut av saka.
Fungerande stasjonssjef i Egersund, Magnar Sandstøl, har lova at politiet skal byrja etterforskinga på måndag.
Foto: Mathias Oppedal– Eg har fått ein god del telefonar frå folk som meiner dei har viktige opplysningar, og denne informasjonen har eg sendt vidare til politiet, seier han.
– Trur du saka blir oppklart?
– Eg trur absolutt at politiet kan klare å finne ut av det, seier Bentsen.