Nå skal Trollpikken mjølkast

Kor mykje pengar kan ein vri ut av ein stein forma som ein pikk? I Eigersund står dei i kø for å finna svaret på dette.

Historia har vore som ein Hollywood-film i tre akter. Heilt etter boka. Eller, kanskje litt meir absurd.

Først var det oppdaginga av ein ny turistattraksjon. Og sjølvsagt ... namnet. Trollpikken.

Etter dette kom det dramatiske vendepunktet. Hærverket på sankthans såg ut til å setja ein stoppar for heile eventyret. Steinen var kappa av! Ingen veg tilbake nå.

Men så kom den overraskande slutten.

Parallelt med politietterforskinga samla store delar av lokalsamfunnet seg. Mot alle odds fekk dei reist opp den svære steinen igjen.

Jubel og sjampis og norsk natur.

Ikkje rart at presse frå heile verda ville fortelja historia som fann stad i Eigersund for eitt år sidan.

Men historia er ikkje over endå. For mange er det nå den byrjar.

Trollpikken sin første «normale» høgsesong har starta, og pensjonist Hans Gustav Andersen er ein av dei som håpar på å profittera litt på den nye attraksjonen.

Hans Gustav Andersen

Han lagar små Trollpikkar som han vil selja til turistar.

Humoren

Det har skjedd mykje i bibelbelte-byen, som for nokre tiår sidan var tungt inne i pietisme.

Hos bokhandlaren i Egersund står den nye barneboka med tittelen «Gutten med Trollpikken» utstilt, på CD kan ein kjøpa den nykomponerte «Marsj til Trollpikken», i daglegvareforretningane finn du Trollpikk-øl, på den lokale sjokoladebutikken står Pikk-lunsj sjokoladen framme på disken og på bensinstasjonen får du kjøpt mini-Trollpikkar av stein.

– Eg trur ikkje det er ein flopp. At den berre har reist seg for å falla ned igjen.

Pikkhumor har også blitt kvardagskost i Eigersund.

Denne kommentaren kjem frå sjefen på det lokale ølbryggeriet Berentsens, Harald Berentsen. Han syner med fingeren korleis ein stein, eller ein pikk for den saks skuld, kan reisa seg for så å falla ned att. For å understreka poenget.

Bak han står to svære tankar. På plattingen på toppen av tankane er sonen Fred Berentsen i full gang med å tilsetja dei rette ingrediensane i nok ein batch med Trollpikk-øl.

Bryggeriet er ein av aktørane som i løpet av det siste året har vore i kontakt med Patentstyret for å sikra seg ei varemerkeregistreringar på Trollpikken-namnet. I alt har dei fire varemerkeregistreringar på «Trollpikken» og «Trollpikken Norway».

Fred Berentsen

Han har vore med på å utvikla porteren Trollpikk-øl.

Pengane

Berentsen er først og fremst ute etter å selja eige øl, men han fortel at han allereie kjenner til fleire dømer på turistar som legg att pengar i byen.

– Eg møtte ein Italienar som var her for å sjå på Trollpikken. Han budde på Grand hotell, og han åt maten sin på spisestadene i byen.

Heilt sidan starten har det blitt snakka om at Trollpikken kan gi positive synergieffektar for regionen. Håpet er at turistane skal koma og legga att pengar.

Dette er også noko av grunnen til at Eigersund kommune har brukt om lag 600.000 kroner på skilting og tilrettelegging for turistar det siste året. Også vanlege folk i Eigersund har brukt pengar. Det blei samla inn 200.000 kroner i crowdfunding for å få steinen opp att. Og fjorten dagar etter den blei kappa, så var den faktisk oppe igjen.

Det største pengebeløpet som blir nemnt i samanheng med Trollpikken er likevel 100 millionar kroner.

Ifølgje ein rapport frå mediebyrået Retriever er dette marknadsføringsverdien av alle presseoppslag steinen har fått, etter at den debuterte i lokalavisa Dalane Tidende i vår.

Det blir til og med påstått at Trollpikken på eit tidspunkt i løpet av sommaren var meir omtalt i USA enn Donald Trump, men denne påstanden finst det ikkje dokumentasjon for.

Uansett var det vanskeleg å halda tritt med tempoet for dei som jobbar med reiseliv i regionen.

– Det er første gong me har utvikla eit ikon så fort. I tillegg har alt skjedd i motsett rekkefølgje av det som er vanleg, seier Elisabeth Saupstad, som er reiselivsdirektør i Region Stavanger.

Då den massive medieomtalen kom var det ikkje ein gong merka sti opp til steinen. Dei som ville opp for å sjå steinen måtte berre sikta seg inn på rett retning og finna sin eigen veg. Nå er det både parkeringsplass, toalett og sti.

– Me har høge forventingar til årets sesong. Nå ønsker me å kapitalisera på alt som skjedde i fjor, og me veit at det er internasjonale turoperatørar som er interesserte, seier Saupstad.

Trollpikk-skilt

Dei nye Trollpikk-skilta langs vegen i Eigersund har kome opp i løpet av det siste året.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bluferdigheten

Sjølv om dei fleste me høyrer frå synst at det som skjer i byen er eit fantastisk eventyr, finst det også dei som ikkje likar det.

Men ifølgje nokre av dei, som NRK har snakka med, er dette meiningar dei stort sett held for seg sjølv.

For dersom du snakkar negativt om Trollpikken, snakkar du også negativt om Egersund, og då er du illojal, seier dei.

Men sanninga er at dei saknar litt bluferdighet.

Og dei meiner at steinen like godt kunne hatt namna som den visstnok hadde før.

Trollnasen, Trolltåa og Tindapigen, heitte den då den ikkje hadde eigen hasjtagg på Instagram, og då dei færraste kjende til den.

Dei meiner at attraksjonen ikkje blir meir attraktiv sjølv om den heiter Trollpikken, trass i at det var dette namnet som sikra kjendisstatusen.

Og eigentleg; har dei ikkje rett? Er ikkje Trollpikken berre eit produkt av sjokkeffekt og agurktider i media. Er all denne pikk-merksemda i det heile tatt bra for egersundbyen?

Både ja og nei, seier Håvard Hansen som er professor i marknadsføring ved Norsk Hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger.

Laster innhold, vennligst vent..

– Må ikkje overseljast

Han kjem frå Egersund og har ingen problem med Trollpikknamnet.

Det han likevel har problem med er løgne ting som pikklunsj-sjokoladen. Dette meiner han er støy for god utvikling av turistmålet.

– Å bruke omgrep som Pikkbyen, eller Pikk-lunsj, eller andre ting som skal vera løgne, slik enkelte lokale aktørar har lefla med, er ikkje måten å bygga Trollpikken som destinasjon på. Tvert i mot er det å snylte på merksemda som er via sjølve steinformasjonen.

Mediemerksemda gav ein heldig start, men han meiner det er nå jobben byrjar. Ein ting som er viktig når ein bygg opp turistdestinasjonen er at ein ikkje oversel turen. Og det meiner han at det har vore tendensar til.

– Ein må innsjå at den ikkje er i same divisjon som Prekestolen eller Trolltunga når det gjeld wow-effekt, eller som heftig naturoppleving.

Likevel meiner han at det er ein kul og lett tilgjengeleg attraksjon som kan gi gode synergieffektar for byen. Men då må det også leggast til rette for at turistane vil inn til Egersund.

– Turistar som køyrer bil til parkeringsplassen, går turen, og så køyrer heim igjen, er stort sett berre kostnader, slitasje og hyggeleg merksemd på Some. I næringsmessig forstand finst det berre eit suksesskriterium, og det er pengar inn i kassen, seier Hansen.

Han legg til at det er flinke folk som nå jobbar med dette, så hans spådom er at det fort kan gå godt.

Spesialutgåve av mini-trollpikk

Hans Gustav Andersen har også laga denne miniatyr-Trollpikken. Ein hyllest til Aker Solutions og Bertelsen og Garpestad og innsatsen dei la ned då dei reiste Trollpikken. Pengane til operasjonen blei samla inn via crowdfunding.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kunne vore verre

Tilbake til Egersund sentrum. I ein bakgard ligg eit lite trehus som er fylt opp med sjokolade.

På veg inn i sjokoladefabrikken blir det fort slått fast at det også her er seksuelle undertonar i humoren.

– Kom inn. Me er berre så klar for deg, seier innehavar Hedda Tengs og ler.

Det er her dei lagar den berømte Pikk-lunsjen. Sjokoladen som professoren ikkje synst noko om, men som dei som jobbar her seier spreier mykje godt humør.

– Alle må ha rett til si meining, men me fekk ideen frå ein glad turgåar og lever godt med det, seier ho.

Så lenge det blir god stemning har ho ingen problem med å selja «Pikk-lunsj» og «Trollpikk-sjokolade» signert «Pikkasso» til kundane sine. Dei står i kvar si skål, heilt framme på disken.

Ho synst heller ikkje at det er ein undergang om Egersund skulle få stempel som pikkby.

– Det finst mange verre ting ein by kan bli kjent for, seier ho med eit smil.

Hedda Tengs

Ho sel Trollpikk-sjokolade og Pikklunsj over disk i snopebutikken sin.

Vegen vidare

Og medan forventningane om kva sommarsesongen vil bringa er store i byen, står den samanlimte Trollpikken klar for innsats ute i heia mellom Kjervall og Veshovda.

Før den blei kappa var det fire bilete av den på Instagram med hasjtagg Trollpikken, nå er det meir enn 2.500. Trolltunga har 89.000, medan Preikestolen har 130.000. Så det er framleis ein lang veg opp til dei store.

Men mykje kan skje i sommar, og byen skal vera klar. I brosjyren i hotelldisken ligg allereie informasjonsmaterialet.

«The tale of Trollpikken begun a long, long time ago – before your grandfather was born, before the dinosaurs – yes, even before the first signs of any plants on our planet», står det.

I fjor reknar Pål Tjøme i Magma Geopark med at det var ein stad mellom 20.000 og 25.000 som besøkte Trollpikken. Så langt i år trur dei at 5.000 til 8.000 har vore oppe, men frå første juli skal det vera på plass eit teljeapparat, slik at dei får nøyaktige tal.

I løpet av tre års tid er målet 50.000, ifølgje Saupstad i Region Stavanger.

Så vil tida visa seg kor interessant Trollpikken er for turistar, når den ikkje lenger figurerer dagleg i nyheitene. Og om folk i Eigersund får noko att for innsatsen dei har lagt ned i den.