Hopp til innhold

– Hærverket har gagna Trollpikken

Dersom målet var å få ein slutt på interessa rundt Egersund sin nye turistattraksjon, har vandalane bomma fullstendig. Nå er heile verda interesserte i Trollpikken.

Her er Kjetil Bentsen i intervju med BBC om Trollpikken som blei utsett for hærverk.

Alle vil ha ein bit av Trollpikken, her er det BBC som får eit intervju med Kjetil Bentsen om «The resurrection of the Rude Rock».

I går kveld blei han intervjua av japanske media, i dag starta han dagen med eit intervju i BBC. Heile verda skriv om Trollpikken som i helga blei knekt, og som nå skal opp og stå igjen, og for Kjetil Bentsen, Trollpikkens far, går det slag i slag.

– Eg hadde aldri drøymt om at denne attraksjonen skulle få så mykje merksemd. Dersom det går fint å få den opp att så er det inga tvil om at hærverket har gagna Trollpikken, seier Bentsen, som for berre nokre veker sidan spelte Trollpikken inn for turistnæring og kommune, som noko ein burde satsa på.

Internasjonal presse om Trollpikken

Skjermdump fra BBC

Will the Trollpikken rise again? spør BBC.

– På Fox News

Også turistsjef i Region Stavanger, Elisabeth Saupstad, er samd i at det som skjedde i helga kan gagna attraksjonen, dersom dei nå handlar raskt.

– Interessa er enormt stor nå, seinast i går fekk eg melding frå ein ven i USA om at nyheita var på Fox News. Dermed har altså Trollpikken fått ein pangstart, og dersom me utnyttar denne interessa bra nå, og får steinen opp, så kan dette verkeleg slå an, seier Saupstad.

Målet er at alle Preikestol-turistane som kvart år kjem til Rogaland, også skal ta turen sørover til Dalane-regionen. Fjord Norge har estimert at det kan koma fleire tusen besøkande allereie neste år, dersom det blir lagt til rette.

Elisabeth Saupstad på Trollpikken

Turistsjef i Region Stavanger, Elisabeth Saupstad, har framleis tru på at Trollpikken vil lokka Preikestol-turistar ned til Dalane-regionen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

PR-stunt?

Medieomtalen Trollpikken nå har fått hadde kosta mykje pengar dersom dei skulle hatt det inn på annonsesidene. Derfor pressar spørsmålet om dette er eit PR-stunt på.

– Barna mine spør meg jo om det rundt middagsbordet. Dei lurer på om det er eg som har gjort det, for å få opp interessa, men det kan eg sjølvsagt avvisa, seier Bentsen med eit smil.

Bentsen er ikkje i tvil om at det er vaksne folk som står bak hærverket, spesielt med tanke på at det er brukt avansert utstyr for å få til brotet. Kva intensjonane har vore er likevel vanskelegare å seia. Politiet skal i dag gjera vitneavhøyr i håp om å klara opp saka.

Jobbar vidare med å få den opp

I dag skal Bentsen han på synfaring saman med entreprenøren for å sjå korleis dei skal få Trollpikken opp å stå igjen. Dei har fått inn meir enn 100.000 kroner frå frivillige støttespelarar til arbeidet.

– Me trudde at Trollpikken var eit prosjekt me kunne få jobba litt i fred med ei stund, men der tok me feil. Nå gjeld det å få den opp att, seier Bentsen.