– Ronny Wingren er den som køyrer absolutt fortast nå, og han ligg rundt førti minutt framføre Elisabeth Edland som har kome som ei kanonkule bak, seier NRK sin ekspertkommentator Hans Petter Dalby
Edland mista verdifull tid tidlegare i løpet, og det såg ei stund ut som at håpet om pallplassering var tapt. Men Edland gassa på, og henta seg på imponerande vis inn til ein førebels annanplass måndag. Ifølge Dalby kan ho framleis få has på Wingren.
–Me skal faktisk ikkje avskrive Edland som vinnar, for om Ronny får problem så kan Edland ta sigeren. Så FL-500 er på ingen måte avgjort, dette blir kjempespennande, lover han
Uansett om Wingren skulle stikke av med sigeren, så slost dei bak han om noregsmeister-tittel og kongepokal, då Wingren er frå Finland.
Målgang i Alta er venta mellom klokka fire og fem tysdag morgon.