– Så vidt eg veit så er det ingen tidlegare som har gjennomført eit så langt løp med reinrasa malamuter, seier svenske Christer Afsèer og smiler varmt bak det lodne og robuste spannet sitt.
Trur dei er for smarte til å springa fort
– Det er store hundar, med litt vel mykje pels for desse temperaturane, men det har gått greitt så langt. Sakte men sikkert.
Han ligg nesten heilt sist i løpet, men det plager han ikkje det aller minste. Han hadde nemleg ingen førestillingar om å kniva i teten med huskyane då han kom til Finnmark.
– Desse er litt for smarte til å bli skikkeleg bra trekkhundar. Alaskan huskyar dei spring jo berre, meiner han.
– Dette er ikkje Ferrariar
Ifølge Førstelektor i idrett og friluftsliv Rune Waaler er dette hundar som er bygde for å spara energi, og dei nektar rett og slett å ta ut alt dei har av krefter, slik som huskyane gjer i løp.
– Desse hundane veit at dei må kvile for å overleva. Det er polare hundar med instinkt for å spara krefter, forklarer han, og seier at i løp som Finnmarksløpet har dei ikkje sjanse til å måla seg med andre typar hundar som er avla for fart.
– Dette er ikkje Ferrariar. Det er trekkhestar. Dei kan fint gå distansen til Finnmarksløpet, men ikkje fort nok. Om Afseer klarer dette så blir han historisk, det stemmer. Faktisk så er det ei bragd å koma seg dit han har så langt, understrekar Waaler, som synst det er kult at Afsèer satsar på favoritthundane sine.
Konkurransen mindre viktig
Køyrarar bruker gjerne så mykje som 300 000 kroner for å koma seg til start i Finnmarksløpet. Men konkurransen er tydelegvis ikkje alltid det viktigaste.
– Han kan ikkje vinna med desse hundane, men køyrer nok på kjærleiken til hundane og naturopplevingane, trur Waaler, som har stor sans for innstillinga.
– Eg synst det er kult!
Heilt greitt å ligga sist
– I dag gjekk det tregare enn berekna, fordi det blei så varmt, seier Afsèer rundt halvvegs i løpet.
– Men me ligg framleis innanfor tidsrammene om det ikkje skjer noko spesielt her på slutten. Det gjeld å la hundane henta seg inn, seier den blide svensken, og ser ikkje stort meir oppkava ut enn dei fluffy malamutane sine.
– Det er heilt greitt for meg å ligga nesten sist. Så lenge det går framover.