Hopp til innhold

Kirsti Bergstø er SV sin nye nestleiar

Den nordnorske representasjonen er styrka i SV si leiing etter laurdagens landsmøte. Tre kvinner frå den nordlegaste landsdelen blei valt inn i toppleiinga.

Kirsti Bergstø

NY NESTLEIAR: Eit samrøystes landsmøte valte Kirsti Bergstø til SV sin nye nestleiar på laurdag.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Under laurdagens landsmøte på Gardermoen blei 35 år gamle Kirsti Bergstø frå Nesseby i Finnmark valt som SVs nye nestleiar.

Audun Lysbakken frå Hordaland blei attvalt som partileiar, utan motkandidat, medan Snorre Valen frå Sør-Trøndelag blei attvalt som nestleiar, éin av to.

I tillegg til finnmarkingen Bergstø, blei Åshild Pettersen frå Nordland valt til kvinnepolitisk leiar og Kari Elisabeth Kaski, som representerer Oslo, men som er frå Kirkenes, blei valt inn i arbeidsutvalet.

– Det å ha ei stemme frå nord og for nord er viktig for å få gjennomslag for saker som er viktige for Nord-Norge, seier Kirsti Bergstø.

– Sjølv om ikkje alle i nord vil vere einige om kva som er viktig for nord, legg ho til.

Overtar for Oddny Miljeteig

Å motverke barnefattigdom, få fleire lærarar og å kjempe mot sentralisering er saker Bergstø trekk fram som viktige for Norge og Nord-Norge.

– Det er vi (Nord-Norge, journ. anm.) som mister arbeidsplassar, det er vi som blir forsøkt styrt. Det er vi som taper når ressursane blir tatt ut, seier Bergstø.

Bergstø overtar vervet frå Oddny Miljeteig, som grunna langvarig kreftsjukdom ikkje stilte til attval som nestleiar i år.

– Det er ei stor ære å ta over etter Miljeteig. Ho ber på eit av landets største hjarte og har vore gjennom ei veldig tøff tid som kreftsjuk, og har no vunne kampen om livet, seier Bergstø.

Miljeteig skal likevel fortsetje som aktiv politikar i SV, og er valt til 1. vara til sentralstyret. Det er Bergstø glad for.

– Stødige kvinner som har styrke i sosiale spørsmål, som Oddny har, det treng vi vidare, seier Bergstø.

Det var ein samrøystes valkomité som i februar innstilte Bergstø som ny nestleiar.

Desse blei valt på landsmøtet:

Leiar: Audun Lysbakken, Hordaland

Nestleiar: Kirsti Bergstø, Finnmark

Nestleiar: Snorre Valen, Sør-Trøndelag

Partisekretær: Audun Herning, Oslo

Arbeidsutvalsmedlem: Kari Elisabeth Kaski, Oslo

Sentralstyret, utan leiinga:

Åshild Pettersen, Nordland, kvinnepolitisk leiar

Siv Karin Kjøllmoen, Oslo, fagleg leiar

Marian A. Hussein, Oslo, leiar for etnisk likestillingsutval

Mina Finstad Berg, Oslo

Eirik Faret Sakariassen, Rogaland

1. vara: Oddny Miljeteig, Hordaland

2. vara: Sheida Sangtarash, Akershus

3. vara: Bersvend Salbu, Hedmark

4. vara: Hiam Al-Chirout, Vestfold

Flere nyheter fra Troms og Finnmark