Hopp til innhold
Anmeldelse

Barsk bryte­kamp i konsert­salen

Ei unik førestilling som blandar folke­dans med rå bryting og sterke musikalske prestasjonar, men som manglar heilskap.

Fra «Rækved», konsert med Kartellet og Arktisk Filharmoni
Foto: Stig Brøndbo
Terningkast 4 Dans

«Rækved»

Kartellet/Arktisk Filharmoni

Tromsø kulturhus

24. mai 2024

Det er mørkt i konsert­salen. Gjennom eit dust scene­lys ser ein silhuettane til kontrabassistar og cellistar.

Sakte lysnar salen, og ein ser at fiolinistane og bratsjistane har snike seg opp trappe­avsatsen ved sida av stol­radene. Strykarane omringar publikum medan dei lagar eit dissonerande, men fredeleg klangteppe.

Dette er opninga på konsert­førestillinga «Rækved», kor danse­kompaniet Kartellet har gått saman med kammer­orkesteret til Arktisk Filharmoni.

Førestillinga syner fram ein koreografi som blandar trekk frå folke­dans i Nordland, Troms og Finnmark med element frå samtids­dans, ritual og idretts­leik.

Korleis fungerer det når eit kammer­orkester skal spela scenisk folkedans?

Fra forestillingen «Rækved» av Kartellet og Arktisk Filharmoni

SKAL TIL FINN: «Rækved» er opningsførestilling på Festspillene i Nord-Norge, som markerer 60-årsjubileum i 2024. I helga som var, hadde førestillinga urpremiere i Tromsø. Den blei også vist i Bodø.

Foto: Stig Brøndbo

Forrykande entré

Etter at musikarane har kvilt på klang­teppe ein stund, går dei opp på scenen og set seg i sine respektive seksjonar. Eit bassostinat kjem inn, og fiolinane set i gong med å spela Pols­dans frå Drevja.

Tradisjons­låten har eit godt anslag, og musikarane speler med knusande kraft. Denne markante, utvitydige starten på pols­dansen kjem som ei gledeleg overrasking og får meg til å tenka: Fy søren, nå blir det fart i sakene!

Og tanken viser seg å vera riktig.

Kort tid etter spring dei fem dansarane frå Kartellet inn på scenen. Dei spring med steg­mønster frå den tradisjonelle pols­dansen i nord, har god kontakt med golvet som dei trampar og slår appellar imedan dei virvlar rundt, jagar kvarandre i bane og kastar seg sjølv opp i lufta.

Dansinga gjer meg oppglødd og glad og fyller publikum i salen med eit godt lynne og små, begeistra utbrot.

To skolar møtest

Kartellet utforskar steg­mønsteret til nordlands­polsen på forskjellige vis. Dei hopper på venstre­foten medan høgre­foten leiast fritt.

Så svingar dei den ledige foten fram og opp i vêret, tippar den eine vegen, så den andre, snublar og fell nesten ut av balanse, men dei har akkurat nok kontroll til å halda seg på beina.

Rørslene er spennande å sjå på, og samspelet mellom musikken og dansarane er god.

Faktisk er nivået på musikken nesten ikkje til å tru.

Pols­dansen frå Drevja blir spelt heilt sjukt godt, og dei symfoniske strykarane har skikkeleg spenst i bogen som kler energien til dansarane.

Høyr meldinga i «Musikklivet»:

Ofte når klassisk musikk og folke­musikk skal blanda seg, hender det at musikarane frå dei to skolane er så vand med sine eigne stil­ideal og teknikkar at blir det store musikalske misforståingar.

Ein typisk «feil» kan til dømes vera at dei klassiske fiolinistane legg vibrato på kvar bidige tone, men her har kammer­orkesteret fjerna vibratoen – og dei viser verkeleg kva dei duger til.

Kammer­orkesteret leverer sterkt gjennom heile konsert­førestillinga, og eg må verkeleg rosa musikarane i Arktisk Filharmoni for det dei har fått til i denne produksjonen.

Det er sabla godt gjort.

Fra konsertforestillingen «Rækved» med Kartellet og Arktisk Filharmoni

MEIR NEDPÅ: Her finn karane i Kartellet saman i ein intim og sigen vals.

Foto: Stig Brøndbo

Beltebryting

På eit tids­punkt samlar dei fem dansarane frå Kartellet seg framme på scenen for å bryta mot kvarandre, to og to.

Det første paret brytar med hendene falda bakpå motstandarens rygg. Dei stangar mot kvarandre og prøver å slynga den andre i bakken. Seansen er full av brå rørsler og harde kast. Her bygger kartellet ein enorm intensitet.

Dei tre andre medlemmane i kartellet står rundt og fungerer som ei blanding av tilskodarar og vaktarar. Dei sørger for dei to bryt mot kvarandre ikkje går for langt utanfor ein slags imaginær bokse­ring.

Om dei som bryt kjem nær grensene, blir dei broderleg skubba inn att i kamp­ringen.

Desse bryte­kampane, kor dansarane to og to overprøver kvarandre sin balanse, og kor dei er låst i eit fast tak og må overvinna den andre utan å sjølv falla i bakken, gjer inntrykk.

Kartellet kjem ordentleg godt til rette her, kor ein slags maskulin råskap visast fram, blottleggast og stillast spørsmål ved.

I bryte­kampane ligg kimen til noko utruleg sårt.

Det er noko patetisk og tragikomisk over dem, samstundes som det er ordentleg fare involvert – sidan dansarane kan komme til å skada kvarandre, skalla hovudet eller gi kvarandre kink i nakken.

Danserne i Kartellet

BELTEBRYTING: Her bryt to av Kartellets medlem med eit belte bak hovudet. Dei slenger nakken hit og dit for å slå den andre ut av balanse. Ei komisk form for bryting som var enormt spennande å sjå på.

Foto: Stig Brøndbo

Kor blei det av heilskapen?

Når ein får sjå kva Kartellet har kapasitet til å gjera, er det synd at det verker som dei held att i store deler av førestillinga.

Om fleire av sekvensane hadde hatt same nerve som bryte­kampane, ville dette kunne vore ei brak­førestilling.

Dessverre er fleire av scenene heller rolege, og nokon verker litt lemfeldig koreografert, som når orkesteret reiser seg frå stolane og rører seg stivt rundt på golvet.

Spørsmålet er korleis Kartellet kan klare å skape same intensitet i den meir nedpå, rolege pariseren som dei gjer i nordlands­polsen eller når dei møter kvarandre i bryting.

«Rækved» byr på interessante og minneverdige enkelt­sekvensar, men manglar heilskapen som gjer at eg forlatar konsert­salen i ekstase.

Likevel må det seiast å vera ei god framstilling av scenisk folkedans.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!