Hopp til innhold
Anmeldelse

Fuktig folkesong

Rakkarpakk har vald å synga debut­albumet inn i ei badstue, men har dei klart å få lyttaren med inn i varmen?

Platecoveret til Kvadbad
Foto: Isa Holmgren / Melovitten
Terningkast 4 Musikk

«Kvadbad»

Rakkarpakk

Norsk folkemusikk

16. februar 2024

Friskt. Impulsivt. Leikent. Oppløftande. Sørgmodig. Glorete. Uformelt.

Det er ord eg kunne brukt for å skildra debut­albumet til Rakkarpakk. Og likevel, trass mykje bra, klarar ikkje dei åtte spora på albumet heilt å begeistra meg. Kvifor ikkje?

Songar­trioen Rakkarpakk utforskar norsk vokal folkemusikk. På debutalbumet «Kvadbad» syng dei mellom anna bånsullar, barnesongar, leilegheitsdikt og ei gamal riddar­vise.

Medlemmane i trioen, Martin Steinum Brun, Victoria Oftestad og Vera Sonne, bruker erfaringar dei har frå andre sjangrar som tidlegmusikk, improvisasjon og ensemblesong.

Kvart spor inneheld ei ny overrasking, enten det er uventa harmoniske kadensar, imitasjons­teknikkar eller spontane endringar i klang­farge.

Det held albumet varmt og levande.

De tre sangerne i Rakkarpakk lager platen Kvadbad inn i badstuen til Oslo Badstueforeningen.

KLANGRIKT: Victoria Oftestad (t.v.), Vera Sonne og Martin Steinum Brun har alle studert ved Norges Musikkhøgskole. Her under innspeling av plata «Kvadbad» ved Oslo Badstuforening.

Foto: Oslo badstueforening

Veltemperert falsett

Det første me høyrer i «Nordfjord­hallingen», opnings­låta på albumet, er at trioen set toneleie. Sekunda dei bruker på å førebu seg, gir lyttarar eit innblikk i det noko spesielle innspelings­studioet.

Albumet er nemleg spelt inn i badstua Albatrossen på Oslo Badstuforening.

Svarthvitt bilde: De tre sangerne i Rakkarpakk lager platen Kvadbad i badstu.

VARMT STEMMEBAND: Rakkarpakk syng folkesongar som får panna til å sveitta. Men blir songarane skarpsindige eller dovne av å synga i høg temperatur?

Foto: Ferdinand Schwarz

Dei tre songarane står altså der i kanskje 80°C og gjer seg klar til å synga. I bakgrunnen høyrer ein knitringa frå badstue­omnen, og det er med på å setta stemninga.

Etter at tonen er sett, byrjar dei å synga sjølve hallinga. Personleg er eg særs svak for falsett, så når nordfjord­hallingen opnar i eit relativt lyst register, kveiknar eg til og kjenner at lynnet muntrar og blir glitrande. Det er ein eminent start på albumet.

På eit tidspunkt kjem Martin Steinum Brun inn med ein bass­røyst. Inngangen er litt klønete og ikkje heilt skarp. Eg tykkjer det er sjarmerande og tolkar det som ein peikepinn på kva retning albumet går.

Innspilling av plata "Kvadbad" ved Oslo Badstueforening

Her syng dei Rakkarpakk sin eigen versjon av «Nordfjordhallingen», ein tradisjonsslått frå Sogn og Fjordane.

Fordelar og ulemper

Fysiologisk kan det vel vera ein fordel for songarane å vera i ein badstue. Då pustar dei inn damp og held stemme­bandet varmt.

I tillegg slappar dei kanskje betre av, som gjer at stemma kan rekka lenger og songarane kan utfolda seg meir.

Samstundes vil eg tru at ein i lengda blir døsig av å vera i varmen. I mine øyrer er det mogleg å høyra resultatet av dette på albumet.

Dei melodiske spranga blir i blant meir omtrentlege. Dei slumpar meir, stemmene sig, dei sveittar og songen mørnast.

Les også Mange hundre nye badstuer i Norge de siste årene: – En revolusjon

Skogsbadstue i Arendal

Held ikkje heilt mål

Som musikalsk utgiving vil eg seia at albumet ikkje held heilt mål. At badstua er eit innspelingsstudio verker påfunns­aktig, og eg kjenner nok ikkje heilt på den same varmen som kvedar­trioen har kjent på under innspelinga.

Ei anna utfordring er at balansen mellom stemmene ikkje smeltar saman på ein heilt god måte. Det er det fleire grunnar til, mellom anna at songarane endrar avstanden dei har til mikrofonen, samtidig som dei varierer på dynamikken og volumet dei syng med.

Det er sikkert heilt fantastisk å vera i badstua med dei, men det fungerer ikkje like godt som lydspor på ei plate.

De tre sangerne i Rakkarpakk vinner Landskappsleik i åpen klasse i 2023

VANN: Rakkarpakk gjekk av med sigeren i Open klasse under Landskappleiken 2023. Dette er Noregs største konkurranse i norsk folkemusikk og folkedans og har vore arrangert sidan 1923.

Foto: Knut Utler

Musikalsk manifest

Om eg derimot ser bort frå det reint musikalske, kan eg enkelt sjå på albumet som eit fenomenalt manifest.

Baktanken til Rakkarpakk er nemleg at dei vil møta publikum i det varme nærmiljøet med leik, folkesong og forteljing. Dei har hatt elleve konsertar i badstua Albatrossen, og samarbeida med fleire songarar frå ulike tradisjonar.

Såleis byggar dei miljø for folke­songen i Oslo, og skapar samlings­stad for forteljar­kunsten. Dette er eg stor tilhengar av.

Dei fører folke­songen inn i nye rom, nærare bestemt badstua, kor ein sit saman med halvnakne kroppar og syng ut. Det er jo verkeleg der magien skjer.

Mange mennesker i badstu hører på tropen Rakkarpakk

SOSIALT MEININGSFULLT: Ved å samla publikum i badstue med sveitte og intimitet skaper trioen ei heilt spesiell oppleving.

Foto: Isa Holmgren

Rakkarpakk prøver å gjera folke­songen til allemannseige gjennom deltakar­kultur. Å dela ei oppleving av sveitta og song, og å vera saman i det intime rommet medan vatn blir helt på steinane, det må jo vera draumen.

Som produksjon fungerer derimot ikkje albumet heilt, og varigheita er noko knapp med sine åtte spor kor eitt av spora er ein fem minutt lang opplesing av ei soge.

Til gjengjeld er prosjektet deira noko eg veldig gjerne vil oppleva, fordi samansuriet av sanseinntrykk verkar både personleg givande og sosialt meiningsfullt.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!