Jonis Josef er eit fenomen. Mange nordmenn flirer berre dei ser andletet hans. Sjølv skriv han at han er Noregs mest kjende somaliske mann. Det fører også med seg eit press frå pressa:
Jonis har ikkje tal på kor mange gonger journalistar har ringt han for å høyre kva han meiner om terrorangrep som er utførte av muslimar i nær sagt kvar einaste del av verda.
Det kallar Jonis for rasisme. Når vart blendakvite Ole ringt opp for å meine noko om drapa i Kongsberg eller åtaket på moskéen i Bærum?
ER DET NOKO LIV HER? Jonis Josef nyttar erfaringa frå scena i boka si. Det er sprekt, men her er likevel noko som manglar.
Foto: Mikael Noguchi/Cappelen DammTøft konsept
Som du skjønar, er det rom for alvor i denne boka, nett slik alvoret alltid er til stades i verkeleg god humor. Men kor lurt er det å overføre ei lattervekkjande live-framsyning til ei tekst mellom to permar?
Eg meiner forlaget Cappelen Damm (eg kan ikkje førestille meg at det er Jonis sjølv som har lansert seg som forfattar) fekk ein glimrande idé då dei hyrte Jonis til å gje ut bok hjå dei.
Som skodespelar frå TV-serien «Kongen av Gulset», programleiar i radio og dristig standupkomikar, har han appell til eit potensielt stort bokpublikum. Framferda hans – som sløy og grenseoverskridande moroklump – kan lokke late lesarar til boka.
For det murrar ei hovudpine i bokbransjen for tida: Korleis skal ein få unge gutar til å lese meir?
GUTTA PÅ TUR: Om fjellturen med Lars Monsen skriv Jonis at han har opplevd mykje rasisme i livet sitt, men at han aldri har blitt så fornærma: Han trudde eg var ein indisk trønder!
Foto: Mikael Noguchi/Cappelen DammTreffer eit nytt publikum
Eg trur ikkje Jonis Josef er svaret, men både han og forlaget er på rett spor.
Kven har sagt at ei bok må vere ei einaste, lang tekst med start, midte og slutt som ein må lese frå perm til perm?
Her er ei bok full av spenstige illustrasjonar, signert Mikael Noguchi, som er drivande god til å portrettere forfattaren og kjende folk han vitsar om.
Teksta er innimellom utheva med feit skrift som blikkfang for deg som treng å bli halden fast. Du kan gå inn og ut av teksta kor som helst, lese litt her og litt der utan at du misser ei lang handlingstråd.
FEIT SKRIFT: Variasjon av skrifttypar gjer teksta lett å lese.
Foto: MIKAEL NOGUCHI/CAPPELEN DAMMJonis vender seg direkte til oss som les, freistar å få oss på kroken, og kjem kritikarar som meg i forkjøpet ved å karakterisere boka sjølv:
Vidare slår han vitsar om at dersom det kjem inn ein fyr og kjøper 50 bøker, skal han garantert bruke dei til å lokke til seg autistiske barn. Ring politiet! skriv Jonis, og legg til: men ikkje før han har betalt …
Ellevill harselas
Ja, dette er ei bok med vitsar, nokre er på kanten – som når Jonis spør om kva som er verst for Anne Elisabeth Hagen, å bli drepen av det mennesket ho elskar mest, eller at media brukar det same biletet (underforstått: ikkje særleg flatterande bilete) av ho om og om igjen?
Ord på trykk kan verke hardare enn ord sagt i ein underhaldande show-samanheng. Ingen er dømd i denne saka og skal heller ikkje bli dømd på førehand.
Men stort sett funkar vitsinga her og.
ELSKAR ANGST: I Noreg kan ein bli kjendis av å slite med psyken, skriv Jonis Josef, og vitsar om NRK som hentar inn ein mann som «ser ut som om han sluttet med heroin for et kvarter siden» til å leie programmet.
Foto: MIKAEL NOGUCHI/CAPPELEN DAMMJonis driv gjøn med woke-rørsla, med influensarar, med rasisme og dop. Har du følgt ørlite med i samtida, finn du nok å more deg over.
Forfattaren er ein tydeleg avsendar og kommuniserer direkte med lesarane gjennom heile boka, nett slik som han spelar opp til eit publikum i ein teatersal.
Illustratør Noguchis portrett av han syner ein engasjert, sjarmerande og lite sjølvhøgtideleg fyr som for eksempel kan le av at han som er så tynn, har eit så digert hovud.
SLÅANDE ILLUSTRASJONAR: Det kraftfulle uttrykket til Mikael Noguchi kler orda til Jonis Josef godt.
Foto: MIKAEL NOGUCHI/CAPPELEN DAMMSpinoff-produkt
Eg har sans for konseptet. Eg likar også utsjånaden på boka. Likevel kan eg ikkje fri meg frå kjensla av at dette er eit litt mindre og trongare produkt enn førstevalet, nemleg live-showet.
Hadde boka blitt endå betre om forfattaren hadde brote meir med standup-konseptet og gått inn for å lage ei bok – på boka sine premissar? Eg er ikkje sikker.
Det som er sikkert, er at eg tykkjer det er bra med oppfrisking av bokheimen. Jonis Josef kan skrive skjorta av mang ein etablert forfattar.
Eg vonar han skriv meir – i fleire sjangrar. Det vil både unge og eldre lesarar ha godt av.
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Tips til enda fleire gode barnebøker finn du her. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken.
NRK opplyser: Jonis Josef er frilansar som leverer innhald på oppdrag for NRK til ulike avdelingar. Josef og kritikar Anne Cathrine Straume har ikkje kontakt med kvarandre i NRK og har ingen personleg relasjon til kvarandre privat.