Hopp til innhold

Derfor får ikkje pressa sende skokastinga

Pressa har søkt om løyve til å få kringkaste opptaket av at ein tilhøyrar i rettssaka mot Anders Behring Breivik kasta ein sko mot han. Søknaden blei avvist på grunn av personvernomsyn.

Fagdommere Wenche Arntzen og Arne Lyng

AVVIST: Fagdommarar Wenche Arntzen og Arne Lyng avviser ønsket om å kringkaste skokastinga i rettssalen.

Foto: POOL / Reuters

Pressa søkte om å få kringkaste skokastinga i rettssalen i dag, men forsvararane til Anders Behring Breivik sette seg i mot ønsket.

Les tingrettens avgjerd (PDF)

Fagdommer Arntzen

PERSOVERNOMSYN: Fagdommar Elizabeth Arntzen seier nei til å kringkaste hendinga på grunn av personvernomsyn.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Dommar Wenche Elizabeth Arntzen måtte avbryte gjennomgangen av dei siste obduksjonsrapportane fredag, da 20 år gamle Hayder Mustafa Qasim kasta ein sko mot Breivik og kom med skjellsord.

LES: Skokasteren: – Jeg gjorde det rette

LES: Skoen fra folkedypet

Mannen reiste seg i retten og ropte «You killed my brother. You killer! Go to hell» mot Breivik.

– Kan gi eit skeivt bilete

Utbrotet har vakt oppsikt sidan det bryt med den elles fredelege rettargangen i 22. juli-rettssaka.

Ifølgje forsvararane går rettssaka hovudsakleg verdig føre seg, og dei meiner dette opptrinnet ikkje er i samsvar med den fredelege rettargangen.

LES: – Skokastingen var et uttrykk for dyp frustrasjon

Dei meinte at kringkasting av opptrinnet ville gi eit skeivt bilete av korleis rettssaka går føre seg.

– Kan skape smitteeffekt

Aktor slutta seg til forsvaret sine protestar, og viste til at kringkasting av hendinga kan skape ein smitteeffekt.

Anders Behring Breivik føres ut etter skokastingen

ETTER SKOKASTINGA: Tiltalte Anders Behring Breivik blir ført ut av rettssalen etter skokastinga

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Fleire bistandsadvokatar er også imot kringkasting av skokastinga, då etterlatne som sat i nærleiken ikkje vil bli kjent att.

Trass i offentleg interesse

Retten er likevel einig med pressa i at hendinga har offentleg interesse, men at det ikkje blir høve til å kringkaste det på grunn av personvernomsyn.

Sjølv om pressa har lov til å kringkaste delar av hovudforhandlingane i retten, er det ikkje høve til å kringkaste opptak av tilhøyrarane i salen, og særleg ikkje pårørande og etterlatne.

Tingrettsdommaren meinte difor at ei eventuell kringkasting av skokastinga ville vere i strid med reglane om at pårørande og etterlatne ikkje skal kringkastast utan samtykke.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.