Honningbarna
Foto: Javier Auris / NRK

Punk-evolusjon

Nesten halve bandet slutta i 2018. No blir Honningbarna hylla for å ha laga ei av norsk punks beste plater.

OSLO (NRK): I eit øvingslokale står Honningbarna og spelar for det største publikummet dei har hatt på to år.

Det er meg og fotografen.

Når dei øver åleine, veit alle i rommet at dei er verdas beste band.

Då er det jo berre boysa, seier vokalist Edvard Valberg.

Med ein gong det kjem andre inn, har kvintetten noko å bevise. Før jul øvde dei flittig til noregsturné, men eit virus på o utsette planane. Dermed har energien bygd seg opp, ordet «overtenning» går igjen.

Det startar litt forsiktig, rart å øve med publikum, men så tar musikken over og dei blir som kalvar sleppt ut på vårbeitet.

– Herregud det var digg, ropar ein av dei.

Dei stiller høge krav til kva ein Honningbarna-konsert skal vere, difor har det ikkje blitt konsertar under korona. Det skal vere 100 prosent ekte, fysisk, kaos. Med skrubbsår og hås stemme.

Pressebilde av Honningbarna

BANDET: Frå venstre Christoffer Trædal (gitar), Tomas Berglund (bass), Nils Jørgen Nilsen (trommer), Edvard Valberg (vokal) og Johan Hansson Liljeberg (gitar).

Foto: Letizia Cigliutti

I mellomtida har Honningbarna tatt store steg på plate. Kritikarane har trilla terningane til fem og seks. «Punk i verdensklasse,» skreiv NRKs kritikar om albumet «Animorphs».

«Dystopisk nektar,», skreiv VG.

«Et mesterverk av brennende rock & roll,» skreiv Klassekampens kritikar, som meinte at ikkje berre hadde bandet laga si beste plate, men ei av dei beste punkplatene i Noreg nokon gong.

Honningbarna har utvikla seg til eit levedyktig monster.

Honningbarnas opphav

Heldigvis for Honningbarna fanst ikkje dagens fråværsreglar i vidaregåande skule i 2010.

17 år gamle, med ein miks av cello og punk, tok dei landet med storm. Dei vann Urørt-finalen, sidan Spellemannprisen i rock, og opparbeida seg rykte som eit av Noregs beste liveband.

Honningbarna, by:Larm 2011

2011: Honningbarna på Bylarm i kjent stil.

Foto: NRK P3

Dei måtte kombinere turnéliv med skule.

– Vi var borte kanskje tre dagar i veka, reknar vokalist Edvard.

Samtidig peikar han på, kvifor skulle dei behandlast annleis enn ein toppidrettsutøvar som får unntak for å konkurrere? Dei gjekk jo musikklinja.

I Søgne utanfor Kristiansand, der var det mykje country og trance, men Honningbarna valde seg punken. Dei blei tatt under vingen av NRK P3, og jobba seg raskt opp ein stor fanskare.

Stadig kan dei bli møtt av formuleringar som «ungt punkeband», over ti år etter gjennombrotet.

– Vi kjem alltid til å vere 17 år, seier vokalist Edvard.

– Ja, vi var 17 år i alle fall i fem år, nikkar gitarist Christoffer.

Dei slapp fem album, flytta til Oslo saman, spelte i utlandet. Levde oppå kvarandre. Men så skjer det som så ofte skjer med band som har halde i hop ei stund: Nokon vil ut.

Honningbarna 2.0

Historia om det nye Honningbarna startar i 2018, då to medlemar gav seg. Vokalist Edvard, gitarist Christoffer og trommis Nils møttest kjapt for krisemøte.

Andre ville kanskje tenkt: Det er greitt å gi seg no.

Men for dei tre var det ein no-brainer. Dei fortel det så sjølvsagt i dag, stoppar ikkje opp ved det ein gong, som om det ikkje var eit spørsmål. Dei måtte fortsette.

Honningbarna brukte tida som trio godt. Edvard plukka opp bassen, gav det ein real sjanse. Dei lagde nye låtar. Dei hadde fått gåva som ungdomane i bokserien «Animorphs» viser til, dei kunne skifte kropp. Kva ville dei bli? Øgle, hund, katt?

Bokomslag animorphs-serien og albumomslaget til Honningbarna med samme tittel.

INSPIRERT AV BOKSERIE: Science fiction-serien «Animorphs» (til venstre) handlar om ungdomar som trinnvis endrar seg til dyr. Honningbarnas album, tydeleg inspirert, til høgre. Å morphe betyr å utvikle seg til noko anna.

Foto: Lectorum Publications, Inc / NYE BLANKE

– Vi er alltid best med ryggen mot veggen, sjølv når vi ikkje har motgang, så innbiller vi oss omtrent at vi har det, berre for å få den peppen, fortel vokalist Edvard.

Det var berre éin ting. Høyrdest det ikkje litt ... tynt ut?

Trass Edvards innsats på bass, dei trengde ein dedikert bassist, og dei trengde ein gitarist til.

Svaret låg i Sverige. Johan og Tomas kom frå to ulike band som hadde varma opp for Honningbarna tidlegare. Dei ville flytte til Noreg og bli med i rockesuksessen.

Først Johan, gitaristen.

Johan Hansson Liljeberg
Foto: Javier Auris / NRK

Han blei igjen for å hengje med Honningbarna etter ein konsert i Malmø, medan bandet hans reiste heim.

– Den enda gongen i mitt liv där jag har tänkt att nu ska jag prata med huvudbandet och se om det ger nott.

– Så du hadde ein tydeleg tanke?

– Neineinei, men jag fick jo gratis øl, så det.

Deretter Tomas, bassisten.

Tomas

RYTMESEKSJONEN: Nils Jørgen Nilsen på trommer og Tomas Berglund i framgrunnen på bass.

Foto: Javier Auris / NRK

Han svarte på Honningbarnas annonse frå studenthybelen i Göteborg.

– Jag var sugen på eventyr, seier han.

Han likte at Honningbarna spelte teknisk fort, ville bli med på den hendinga det var å spele live med dei, han hadde sett kva kaos det kunne føre med seg.

Ein Honningbarna-konsert er sveitt og tett. Medlemane kastar seg frå scena ned i publikum. Det har medført både sting og brotne bein, men det er ein del av gamet.

Dei nye medlemane fekk setliste på 19 låtar å øve inn på eit par veker, og ikkje berre det, dei skulle syngje på sørlandsk.

– Du har vore i Kristiansand, du? skyt Christoffer inn til Tomas.

– Jojo, men då forstod jag ingenting.

Då «nye» Honningbarna spelte første konsert saman i april 2018, viste svenskane sitt engasjement ved å litt stive lempe seg over scenekanten og bli tatt imot av publikum.

Sørlendingane er strålande fornøgd med valet.

– Beviset på at dei to har kome inn i bandet, er jo den skiva vi gir ut no. Som har eit nytt sound, høyrest friskt og spennande ut. Det hadde ikkje skjedd utan dei to. Universet blunka til oss der, seier Edvard.

Lyden og produsenten

I øvingslokalet diskuterer vi «Get Back», den åtte timar lange serien som dokumenterer korleis The Beatles spelte inn plata «Let It Be». Det var, mildt sagt ustrukturert, og serien har fått mange til å sjå verdas største band i eit nytt lys.

Også Honningbarna.

– Eg sit og sveittar, eg er så stressa over å berre sjå dei kødde rundt, DERE SKAL HA ET ALBUM OM TRE DAER, BOYS, ropar Edvard, dei sit der og siggar og spelar «Johnny B Goode», liksom.

Han ler.

– Ein ser ofte for seg musikarar på det nivået som einslege geni i arbeid. Men i verkelegheita er det berre dudes som sit og har det feitt saman, så dukkar det opp ting, så spelar ein vidare.

Sjølv om ein kan bli stressa av å sjå på The Beatles spele blues i éin månad før dei tar seg saman; tilnærminga kan openbert ha noko for seg.

Fra venstre: Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr og John Lennon. Bildet er hentet fra dokumentarserien «Get Back».

DUDES SOM SPELAR SAMAN: Frå venstre, Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr og John Lennon. Honningbarna har meir flat struktur enn The Beatles, ingen må dra lasset åleine.

Foto: Disney + / AP

I arbeidet med den nye plata har Honningbarna forsøkt å bli flinkare til å nettopp la låtane utfalde seg, ikkje planleggje alt, «så ser ein korleis det går og rir den bølgja». Der dei tidlegare har spelt inn plate på fire dagar og tatt stoltheit i det, blei «Animorphs» til i fleire etappar over to år, i tett samarbeid med produsent Erlend Mokkelbost.

Erlend Mokkelbost

NY PRODUSENT: Erlend Mokkelbost er kjent frå første bølgja av norsk hardcore som gitarist og hovudlåtskrivar i JR Ewing. I dag syslar han både med rock, pop og vise, som produsent for mellom anna Jonas Alaska, No. 4 og Rumble in Rhodos.

Foto: Anne Valeur

Mokkelbost fortel at dei brukte mykje tid på å forske på lyd. Lyden skulle signalisere ei kjensle. Det skulle vere forvrengt, men ikkje slitsamt å høyre på gjennom 40 minutt. Hardt er ikkje berre hardt, hardt kan vere hardt på forskjellige måtar, fortel Mokkelbost.

– Vi har tenkt søtt og salt og surt. Det er ein del låtar som har pophooks, som er noko av det mest tilgjengeleg dei har laga, og så har du det mest utilgjengelege dei har laga. På same plate.

Han prøvde å få bandet til å slappe av, vere i augneblinken og ikkje tenke på kva dei burde gjere. Dei reiste for eksempel til Italia i to veker, utan noko klart mål og meining, berre for å sjå kva som skjedde. Plutseleg hadde dei laga fire ferdige låtar, med melodi og tekst på ti dagar.

Mokkelbost, som sjølv har spelt i fleire kjente band, meiner Honningbarna er eit godt bevis på korleis eit band burde vere.

Dei giftar seg ikkje med fortida, dei tillèt å gi seg sjølv ein ny vår.

Nils Jørgen Nilsen i Honningbarna

BAPPAPPAPPAPP: Plata opnar med synth og trommer. Trekket vitnar om eit band med sjølvtillit. Som stolar på at bapapapapapapapapappp har ein verdi, så lenge det er spelt med enorm energi og overtyding.

Foto: Javier Auris / NRK

– Det er ikkje mi oppgåve å runke samtidas moral

Edvard Valberg skriv alle tekstene. Også dei signaliserer ein ny vår, med den nemnde bokserien, der ungdomar utviklar seg til dyr, som eit utgangspunkt.

– Kva er det Honningbarna har utvikla seg til? Frå barn til vaksne? prøvar eg meg.

Tabloidutsegnet blir møtt med latter.

– Der har du overskrifta di, konstaterer Edvard.

Der 17-åringen hadde behov for å sette verda i system, fokusere på kva ein ville og ikkje ville, er 29-åringen meir opptatt av liva vi lever, kompleksiteten i dei, stemningar. Honningbarna vil vise at det som ved første augekast ser ut som destruktivt kaos, kan vere ei feiring av livet. Det handlar ikkje om å rømme frå det, men å kome inn i det.

VGs kritikar skreiv nyleg at «disse tekstene tilhører hans mest sammensatte, smarte, poetiske og desillusjonerte hittil i karrieren – fargesterke metaforer, rå enlinjere og slående formuleringer.»

Edvard Valberg

FRONTMANN: Lenge før nokon visste kven dei var, følte Edvard seg som ein konge. – Det er ein fantastisk ting med Honningbarna, det har alltid fått meg til å føle meg bra. Alle burde ha den kjensla.

Foto: Javier Auris / NRK

Å skrive ein tekst ligg i spekteret mellom «jævlig kavete» og «det lettaste i verda».

– No har eg halde på med dette lenge, men eg har framleis ikkje ein metode, anna enn å sette meg ned og stange hauvvet i muren.

– Finst det ting du ikkje kan skrive om?

– Ja. Alle menneske ber på noko som berre er sitt. Det er masse som betyr noko for meg, men som eg aldri kjem til å syngje om. Å blø ut på eit papir er ikkje min stil uansett.

– No snakkar du om frå ditt perspektiv, men frå samfunnets? Må du sensurere deg sjølv?

– Der føler eg meg ikkje så redd. Eg syng om det som eg synest er viktig, gøy og interessant. Frå min vinkel, som ein fyr i eit punkeband, så er ikkje mi oppgåve å runke samtida vår sin moral. Eit punkeband si rolle er ikkje å vere gjennomtenkt og klokt og sympatisk. Om ein då av og til må ta ein støyt for det, så fint, det.

Ofte før konsert er han ekstremt nervøs, kastar opp. Han spør seg: Kvifor utset eg meg sjølv for dette her? Konklusjonen blir alltid den same:

– Næmmen æ mådde!

Honningbarna på Trondheim Rocks i 2018

SLIK DET BRUKTE Å VERE: Vokalist Edvard i folkehavet på Trondheim Rocks i 2018.

Foto: Gonzales Photo/Tor Atle Kleven / Gonzales Photo

Honningbarnas masterclass

Dei har sett for seg korleis låtane av endring, av dommedag, av fest og galskap skal starte konsertane. Dei går og tenkjer på det, gler seg, det er eit sakn.

Kva styrer dei med i mellomtida?

Nils: – Eg fekk abonnement på Masterclass i jula, så eg har bestemt at vi alle skal sjå Metallica si masterclass «how to be a band».

Edvard: – No skal vi lære å vere eit band ...

Nils: – Av Metallica ...

Edvard: – Det mest dysfunksjonelle bandet i metalhistoria.

Noko av det spesielle ved Honningbarna, er at dei verkeleg bryr seg om kvarandre. (Det kan kanskje høyrest litt rart ut, at dette skal vere så uvanleg. Men tenk etter. Det finst nok av ulukkelege bandhistorier der ute.)

– Det er veldig rørande å sjå kor kollektivistiske dei er. Eg har jobba med mange band, men dei har ein heilt eigen fellesskapsfølelse, bekreftar produsent Mokkelbost.

Honningbarna øvar, januar 2022
Honningbarna
Honningbarna pedalar
Honningbarna
Edvard Valberg
Honningbarna ferdig på øving

Øvingsseansen er over, bandet kveilar kablar. Dei kjenner det på kroppen, at dei har spelt for to folk. Dei fantaserer om sitt eige treningsprogram, eit som er tufta på turnélivets prinsipp om tunge løft, ømme musklar og usunn diett.

– Du får litt dårleg nakke, men du blir all right fit av det.

– Ja, du får veldig god core, svarar ein annan.

Dietten består av overkokt pasta. Dei mimrar tilbake til middels gode raiderar på turné i Tyskland.

– Tenk når det er så feitt å spele for to, då, tenk når det blir tre, seier ein.

– For å ikkje snakke om fire, svarar ein annan.

Og 1400 på Rockefeller.

Resten av dagen kjenner eg meg opprømt, får lyst til å gå på konsert og sjå kor det smell .

Kanskje er ikkje «Animorphs» lyden av dommedag. Kanskje er det lyden av ein ny fødsel.

Hei!

Har du tankar om denne saka, eller idear til andre kultur-relaterte saker? Tips meg gjerne! Du finn alle våre kulturfeatures her

Anbefalt vidare rockelesnad:

Filmpolitiet lét seg begeistre av Get Back-dokumentaren om The Beatles, og trilla seksar på terningen. Du kan lese den meldinga her.