Hopp til innhold

Genendringar skjer lettare hos påvirkbare barn

Nokre barn er ekstra sårbare for miljøet. Norske forskarar skal avdekke kva for gen som er involvert.

Barn får kjeft

Enkelte barn er meir påvirkbare av omgivnadene enn andre. Svaret kan ligge i spesielt formbare gen.

Foto: Valerie GENIN / Colourbox

Forskarar trur at gen som disponerer for negativ utvikling, kan vere dei same gena som gjer at barn er spesielt påvirkbare når miljøet er bra.

– Det ser ut som om det ikkje er så mykje risiko-gen, men eigentleg påvirkbar-gen som gjer at barn er sensitive og svarar på miljøet på godt og vondt, seier professor Jay Belsky ved Human and Community Development ved California University til NRK.

– Fram til no har vi berre studert «på vondt» sida, og vi har oversett «på godt»-sida, seier han.

Studerer samspel mellom foreldre og barn

Belsky samarbeider med norske forskarar i forskingsprosjektet Tidlig trygg i Trondheim som kartlegger forskarar risiko- og beskyttelsesfaktorar for barns psykiske helse. Prosjektet følgjer 1000 barn frå fireårsalder og til deltakarane er unge vaksne, og samlar også inn DNA-prøvar frå deltakarar.

Gjennom å studere samspelet mellom foreldre og barn, som er ein av dei viktigaste miljøfaktorane i eit barns oppvekst, håpar forskarane å finne genkombinasjonar som er spesielt påverka av godt eller dårleg samspel.

Genet som kodar for neurtransmitteren oxytocin, er eitt av gena forskarane har i kikkerten.

– Ein kan tenke seg at mengda av oxytocin og kva slags genvariant ein har av oxytocin har noko å seie for den effekten samspelet mellom foreldre og barn har på sikt, når det gjeld kor sosialt dyktige barna blir, seier professor Lars Wichstrøm ved Psykologisk institutt ved NTNU til NRK.

Endringar hos påvirkbare barn

Den underliggjande forklaringa på kvifor nokre barn lettare blir forma av omgivnadene er å finne i epigenetikken, måten miljøet kan endre gen fysisk ved å slå dei av eller på.

Belsky forklarar det slik:

– Når eit ikkje spesielt påvirkbart barn blir ropt og skrike til av foreldra, gjer det ingenting med genuttrykket hos barnet. Når eit påvirkbart barn derimot blir skrike til på same måte, fører det til ein epigenetisk prosess som gjer noko med genet slik at det enten blir skrudd på eller av.

– Med andre ord kan epigenetiske mekanismar vere særskilt aktive med å skru på eller av gen og føre til endringar hos desse påvirkbare barna, seier Belsky.

Gråtande barn

Mykje tyder på at epigenetiske mekanismar er særleg aktive hos påvirkbare barn.

Foto: Ale Ventura / Colourbox

Formbare berre i viss grad

Til foreldre som blir nervøse av å vite at dei kan gjere uboteleg skade på gena til barna, minner Belsky om at barna berre er formbare til ei viss grad:

–Du kan ikkje endre ein oransje firkant til ein lilla sirkel, det er ikkje snakk om ei så stor endring.

Kva for miljøfaktorar som kan spele inn, veit forskarane enno svært lite om.
Store psykiske påkjenningar hos mor under svangerskapet, er ein faktor som er kjent for å verke inn. Toksin og kjemikaliar vi får i oss som foster, barn og vaksen er ein annan.

Men det kan også vere at vêret, eller nettverket ditt av vener speler ei rolle, ifølgje Belsky.

–Vi har berre så vidt byrja å sjå på kva miljøpåverknader og opplevingar i oppveksten som kan slå gen av og på. Det er berre dei siste ti åra at vi har vore merksam på dette og har fått ei viss forståing, og ikkje minst verktøy til å kunne studere denne prosessen, seier Belsky.

–Vil ha medisinar om 20–50 år

Han har tru på at vi i framtida vil kunne reparere til dømes manglande evne til å ha medkjensle med andre på grunn av oppvekst eller genetikk.

–Eg er ganske sikker på at om ti, tjue, eller i alle fall femti år vil det vere ting vi kan gjere. Vi vil kunne gi medisinar som får neuronar til å vekse, og binde saman delar av hjernen som ikkje har kontakt.

Og medisinar vil ikkje vere den einaste måten, trur Belsky. Det er bevis for at opplevingar kan endre hjernekjemien, næringsstoff i mat kan endre epigenomet, og det å vere i god fysisk form kan også spele inn.

Sjå Schrödingers katt: Temakveld om genetikk og atferd torsdag 10.10 kl. 19.45 på NRK1.