Homofili-gåta eit steg nærare forklaring, ifølgje forskarar

Markørar som vanlegvis ikkje går i arv kan føre til homoseksualitet når dei likevel blir overført frå far til dotter eller frå mor til son, viser ny studie.

Homofilt par

Ein ny studie gir forklaring på korleis homofili kan vere medfødd.

Foto: Bjarte Rettedal / Colourbox

Er homofile fødd slik eller blitt slik, er eit spørsmål som har oppteken vitskapen i lang tid.

Studiar har tyda på at arv speler ei stor rolle. Blant anna har studiar vist at viss den eine av to einegga tvillingar er homofil, er det 50 prosent sjanse for at den andre også er homofil.

Likevel har det vore umogleg å finne eit homo-gen.

No har forskarar ved National Institute for Mathematical and Biological Synthesis (NIMBioS) funne noko som ser ut til å vere ein svært viktig og til no oversett faktor for homoseksualitet i epigenetikk (sjå faktaboks).

Epigenetikk er endringar i genar som skjer ved at brytarar, epigenetiske markørar, slår gena av eller på.

Markørane utgjer eit ekstra lag av informasjon som er festa til genane våre, og dei er med på å bestemme korleis genane blir uttrykt.

Forskarane har funne at markørar som vernar foreldra mot å oppleve for mykje eller for lite testosteron i fosterlivet, av og til kan bli med over til neste generasjon og gi homoseksualitet i barn som har motsett kjønn.

– Mest rimeleg mekanisme

Det paradoksale i at homofili kan vere arveleg, når homofile ikkje får barn, blir forklart i forskaranes studie.

Med hjelp av matematiske modellar har forskarane demonstrert at slike markørar lett kan spreie seg i befolkninga.

Markørane aukar nemleg foreldras evne til å overleve og føre genane vidare ("fitness"), mens dei sjeldan hoppar over til neste generasjon og gir mindre evne til å føre genar vidare hos avkommet.

– Overføring av kjønnsmotstridande epi-markørar mellom generasjonar er den mest rimelege evolusjonære mekanismen for fenomenet menneskeleg homoseksualitet, seier Sergey Gavrilets som er ein av forskarane bak studien som er publisert i The Quarterly Review of Biology.

Lesbisk par

Epigenetiske markørar arva frå foreldre kan avgjere kva for kjønn vi blir tiltrekt av.

Foto: Kalle Singer / Colourbox

Gir omvendt effekt hos barn

Epigenetiske markørar blir vanlegvis produsert på nytt for kvar generasjon, men nye funn viser at dei av og til kan bli overført frå ein generasjon til den neste og medverke til like trekk hos menneske som er i slekt med kvarandre.

Dei kan altså ha ein effekt som minner om den som vanlege genar har.

Tidleg i fosterlivet blir det produsert kjønnsspesifikke epi-markørar som vernar kvart kjønn frå den naturlege variasjonen av testosteron som skjer seinare i fosterutviklinga.

Markørane hindrar jentefoster i å bli for maskuline sjølv om dei skulle bli utsett for svært høge nivå av testosteron. På same måte hindrar dei gutefoster i å bli for feminine ved for låge nivå av testosteron.

Ulike markørar vernar ulike kjønnsspesifikke trekk frå å bli maskulinisert eller feminisert, nokre vernar kjønnsdelar, andre seksuell identitet, and andre igjen har med kva for kjønn vi blir tiltrekt av.

Men når desse markørane blir overført frå fedrar til døtrer, eller frå mødrer til søner, kan dei gi ein omvendt effekt, finn forskarane.

Då kan markørane gi feminisering av enkelte trekk hos søner og gi maskuline trekk hos døtrer.

– Teori som dette nødvendig

Glenn Wilson

Psykologen Glenn Wilson.

Foto: Candice Wilson

I serien Hjernevask av Harald Eia uttalte professor i psykologi, Glenn Daniel Wilson, at han ikkje trudde vi ville finne ein enkelt homo-gen, men at svaret truleg vil vere å finne i epigenetikken.

Når vi sender Wilson den nye studien svarer han dette:

– Dette verker overbevisande. Eg er ikkje ein ekspert i genetikk, men eg trur at ein teori som denne vil vere nødvendig for å forklare fakta vi kjenner til, blant anna at identiske tvillingar kan ha ulik seksuell orientering, seier Wilson til NRK.no.

Wilson legg til at han håpar at ein empirisk studie også vil følgje i hælane på denne teoretiske analysen.

Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)