Forskarar frå National Institute of Water and Atmospheric Research (NIWA) i New Zealand har nyleg gjennomført eit tre vekers tokt for å undersøke den undersjøiske vulkanske fjellryggen Kermadec Ridge i det vestlege Stillehavet.

Blant dei tusenvis av skapningane som vart samla inn av forskarane, er det mest sannsynleg også mange nye artar, blant anna ein ny flatfisk, ein tidlegare ukjend korallart, ein svamp med bikakemønster, samt ein nakengjellesnigel som vart funne på 1200 meter.

Dette skriv National Geographics.

Sjå ein video frå NIWA som viser artar og undervasslandskap langs Kermadec-fjellryggen:.

Oisann, innholdet som skulle vises her støttes ikke lenger. Vi beklager!

– Under toktet har vi tatt mange prøvar i dalsøkke som ikkje har vore undersøkt tidlegare, så vi forventar mange nye oppdagingar når vi får analysert prøvane og fotografia, seier leiaren for ekspedisjonen, Malcolm Clark i ei pressemelding frå NIWA.

Men forskarane møtte også på kjente, men eksotiske djuphavsartar som hoggormfisk, blekksprutar, havbørsteormar, trollhummar og hårete krabbar.

Korall med eremittkreps - Denne korallarten er blant dei nye artane forskarane fann på toktet til den undersjøiske Kermadec-fjellryggen. - Foto: NIWA /

Denne korallarten er blant dei nye artane forskarane fann på toktet til den undersjøiske Kermadec-fjellryggen.

Foto: NIWA

Skorsteinar på havbotnen

Forskarteamet har tatt prøvar i eit svært område på heile 10.000 kvadratkilometer i eit lite kjent undersjøisk landskap som omfattar undersjøiske fjell, hydrotermale skorsteinar, kontinentalskråning og canyonar på djupner mellom 700 og 1500 meter.

Langs Kermadec-fjellryggen finst det 50 undersjøiske vulkanar. Frå hydrotermale skorsteinar i tilknyting til vulkanane strøymer det kontinuerleg ut varmt vatn og gassar med ulik kjemisk samansetning.

Den unike kjemiske samansetninga omkring desse undersjøiske skorsteinane er heim til sære skapningar som har spesialisert seg på å hente energien frå kjemisk energi, og ikkje sollys.

Mikke-mus blekksprut funne på 900 meters djup - Blekksprut som går under namnet 'Mikke-mus'-blekksprut på grunn av forma på hovudet. - Foto: K.Spong, NIWA /

Blekksprut som går under namnet 'Mikke-mus'-blekksprut på grunn av forma på hovudet.

Foto: K.Spong, NIWA

Sårbare

– Toktet har bekrefta vår arbeidshypotese om desse ulike djuphavshabitata gir miljø som varierer, noko som gir opphav til ulike dyregrupper sjølv på stader som ligg nær kvarandre, seier Clark.

Han fortel at dette betyr at utnytting av eit undersjøisk fjell kan ha ein effekt som ikkje er det same som eit fjell like ved.

Undersøkingane av havbotnen hjelper vitskapsfolka å forstå kor sårbare djuphavsdyra er for menneskeleg aktivitet som fisking og boring på havbotnen.

Sjå andre flotte biletgalleri frå Vitskap og teknologi: