Berre fire i verda har sett denne snigelen levande under vatn

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein sjeldan norsk nakensnigle har blitt gjenoppdaga etter 73 år. – Det er fleire som har gått på månen enn dei som har sett denne arten levande, seier forskar bak funnet.

Biolog Jussi Evertsen

Forskar Jussi Evertsen noterer data om Berghia norvegica i felt.

Foto: Torkild Bakken, NTNU

Under eit dykk i Gulen i Sognefjorden nyleg fann marinbiologar og sportsdykkarar att Berghia norvegica, ein nakensnigel (sjå faktaboks) som ikkje har vore sett sidan 1939.

Vi følte vill glede. Dette er ein art som ingen andre har sett sidan han blei skildra. Det var veldig spennande å endeleg kunne sjå han levande der han bur, fortel marinbiolog Jussi Evertsen ved NTNU Vitenskapsmuseet til NRK.no.

Saman med kollega Torkild Bakken og to sportsdykkarar, utgjer Evertsen no ein svært ekslusiv klubb:

– Vi er blant dei fire i verda som har sett denne arten levande under vatn. Det er fleire som har gått på månen enn som har sett denne arten levande, seier Evertsen.

Gåte

Nakensnigelen Berghia vart oppdaga ytst i Trondheimsfjorden for over sytti år sidan, og vart skildra som ein ny art av den svenske zoologen Nils Hjalmar Odhner.

Odhners skildring av Berghia mangla detaljar om den ytre forma på snigelen, derfor har ingen visst korleis denne arten har sett ut i levande live.

Sidan har ingen observert arten som berre er heimehøyrande i Noreg, før sportsdykkarane Christian Skauge og Bjørnar Nygård oppdaga ein merkeleg nakensnigel på eit dykk i Gulen i 2010.

Nakensnigelen Berghia norvegica

Nakensnigelen Berghia norvegica. Med sine vakre former og fargar er nakensniglar å rekne som havets sommarfuglar, seier Jussi Evertsen.

Foto: Christian Skauge

– Vi hadde aldri sett noko liknande, utsjånaden var ei gåte for oss, skriv Christian Skauge i ein blogg.

Dykkarane sende bilete av den ukjende snigelen til snigleforskarane på NTNU, som heller ikkje klarte å plassere den.

Men i eit dykk i mars 2012 fekk forskarane sjølv sjå snigelen, og kunne samle nok individ til at ein kunne slå fast at det var snakk om Berghia norvegica.

Lyssky snigel

Den vakre oransje snigelen er om lag 3 centimeter lang, og er ikkje blant dei minste nakensniglane vi har.

Likevel har den altså klart å skjule seg for dykkarar og forskarar i så mange år.

– Grunnen er at snigelen lever eit litt bortgøymt liv, seier Evertsen.

– Den har vore der heile tida, men truleg har vi ikkje funne han fordi han har eit veldig spesielt habitat, under døde skjel og under steinar.

– Det blir som å leite etter meitemark, dei finn ein berre viss ein leiter under rotne trestammar eller i bakken, legg han til.

Som youtube-videoen viser er snigelen ein lyssky type som ikkje er glad i merksemd:

– Så snart han blir avdekka beveger han seg overraskande raskt og rådsnart mot sikkerheit under ein stein eller eit tomt skjel, fortel Christian Skauge.

Nakensnigel Berghia norvegica med egg

Berghia norvegica med eggkapsel. Den lyseraude fargen skuldast fargeskjær frå tarmkanalane som skin gjennom den nesten gjennomsiktige ytre huda.

Foto: Christian Skauge