NRK Meny
Normal

Leoparden møter sin likemann

Spektakulære naturfoto og hjarteskjerande bilete av syskenpar på søppelfyllinga er blant vinnarbileta i stor fotokonkurranse med tema miljø. Sjå biletgalleri.

Menneskeleg drama og naturens brutalitet er blant vinnarmotiva i årets konkurranse Environmental Photographer of the year.

Environmental Photographer of the year 2011

Reingjeringsreke i kjeften til ei murene. Sjå fleire bilde i galleriet.

Foto: Jamie Unwin / EPOTY.ORG / Barcroft Media/ Bulls Press

Mange av fotografane har komme nært innpå situasjonar som gjeld liv og død, og dette har resultert i spektakulære vinnarbilete frå heile verda.

Fotokonkurransen er organisert av den britiske miljøvernorganisasjonen Chartered Institution of Water and Environmental Management (CIWEM), og har som føremål å skape merksemd omkring temaet miljøvern.

I år kunne juryen velje blant heile 10.000 påmelde bilete frå 105 land.

Leoparden og holepiggsvinet

Ei historie på liv og død blir fortald i biletet der leoparden og holepiggsvinet måler kvarandre opp i Mashatu Game Reserve i Botswana.

Fotografen fortel at leoparden slappa av ved elvebreidda då holepiggsvinet kom for å ete trerøter ved elva.

Leoparden prøver å jakte på holepiggsvinet, men det ender opp i den fastlåste situasjonen som er vist på biletet der holepiggsvinet skremmer leoparden frå angrep med sylskarpe piggar.

Hjarteskjerande syskenpar

I året då talet på menneske på jorda tippar 7 milliardar, har juryen falt aller mest for eit bilete av eit syskenpar på randen av menneskeleg overleving.

Det hjarteskjerande biletet av dei to syskena på ei søppelfylling i Kathmandu i Nepal vart kåra til hovudvinnar i konkurransen.

Fotografen Chan Kwok Hung fortel at dei to ungane bur nær søppelfyllinga saman med bestemora si.

– Kvar dag leita dei på søppelfyllinga for noko nyttig som dei kunne selje for å få pengar til mat, seier Chan i ei pressemelding frå Barcroft media.

– Viss dei ikkje finn noko får dei kjeft av bestemora. No hadde dei ikkje funne noko på nokre dagar, og den vesle guten var svært svolten, seier Chan.

Environmental Photographer of the year 2011

Storebror trøystar svolten veslebror på søppelfylling i Kathmandu i Nepal.

Foto: Chan Kwok Hung / Barcroft Media/ Bulls press

Fotografen fortel at han gav dei to litt pengar og kjeks etter å ha teke dette biletet.

– Men kven veit kven som vil hjelpe dei etterpå, seier Chan.

– Eg er så stolt over å vinne konkurransen. Prisen er svært viktig for meg, fordi det gir meg ein sjanse til å dele biletet mitt med verda, seier Chan.

Kopling mellom miljø og menneske

Juryen rosar Chan for måten han har skildra korleis miljøskadar påverkar menneske.

– Dette er eit svært grafisk bilete som viser korleis heimlause menneske har det. Saman med berget av søppel, viser biletet ei kopling mellom nedbryting av miljøet og heimlause menneske, seier Lord Smith som er juryformann og leiar av UK Environmental Agency (miljødirektoratet).

– Dei som er trua av klimaendringar verda over, er svært ofte dei same som lever på fattigdomsgrensa, seier Smith.

Kvalens gap

Environmental Photographer of the year 2011

Byrdekval svelgjer sild. Nærare kvalens gap kjem du ikkje før du blir slukt.

Foto: Jamie Unwin / EPOTY.ORG / Barcroft Media/ Bulls Press

Fotografen Jamie Unwin vart nær slukt då han knipsa det eksklusive biletet av ein brydekval som svelgjer fisk.

Unwin var i ferd med å fotografere stripa sverdfisk som jakta på ein sildestim, då byrdekvalen brått dukka opp i stor fart på motsett side av stimen. Kvalen opna gapet og svelgde dei fiskane som ikkje kom seg unna raskt nok.

Fotografen flykta, men klarte å ta dette biletet i det han sumde i sikkerheit.
Kvalen var likevel nær nok til at underkjeven råka fotografens symjeføter.

Om du skulle vere i London i desember, har du moglegheit til å sjå alle vinnarfotografia utstilt frå 6-17 desember i SW1 Galleri nær Buckhingham Palace Gardens.