NRK Meny
Normal

Verdas beste undervassfoto 2012

Marine skapningar i alle fasongar viser seg fram på vinnarbileta i amatørkonkurranse om beste bilete under vatn.

Ein knalloransje sjøsnigel (bakgjellesnigel) på eit grønt sjøgras vart kåra til beste bilete i University of Miamis konkurranse om beste undervassfoto.

– Ei fryd for auget

– Alle såg på det fotografiet og sa, wow …. Biletet er berre ei fryd for auget, seier jurymedlem Michael Schmale til National Geographic.

Schmale er professor i marinbiologi ved Rosenstiel School of Marine and Atmospheric Science ved University of Miami og sjølv ein ivrig amatørfotograf under havoverflata.

Juryen var også imponert over kor skarpt fotografen Ximena Olds har klart å avfotografere det vesle dyret som er berre om lag 2,5 centimeter langt.

– Ein av dei beste tinga med slike konkurransar er at dei får menneske til å sjå havet gjennom andre auge, seier Schmale.

Konkurransen var open for amatørfotografar, og meir enn 700 undervassfoto frå heile verda vart meldt på i år.

Tre kategoriar vart premiert, makro, fiske- eller dyreportrett, og vidvinkel.

I tillegg premierte juryen også det samla beste bilete uavhengig av kategori, og det beste biletet tatt av studentar ved University of Miami.

I ei avstemming på nett vart det også vald ut ein folkefavoritt. Vinnaren her vart ei manet vakkert opplyst av soloppgangen i California.

Manet i sola

Manetbiletet til Todd Aki frå Florida vart stemt fram som favoritt i ei avstemming på nettet.

Foto: Todd Aki/ Rosenstiel School of Marine and Atmospheric Science, University of Miami

– Utruleg møte

Portrett av ein ung spermkval i ope hav utanfor øya Dominica i Karibia sikra førsteplassen i kategorien fisk- eller dyreportrett.

Jurymedlem Schmale seier dette om biletet som er tatt av Douglas Kahle frå Dominica:

– Bilete av kvalar i det opne havet tar ofte pusten frå meg, fordi eg innser kva for eit utruleg møte det må ha vore [..]

Schmale fortel at den unge spermkvalen også mest sannsynleg hadde ei årvaken mor i nærleiken.

Ung spermkval

Portett av ein spermkval.

Foto: Douglas A. Kahle/Rosenstiel School of Marine and Atmospheric Science, University of Miami

Skorpionfisk

Prisen til det beste vidvinkelbiletet gjekk til Mark Fuller som har tatt biletet av drakefisk (Pterois sp.), ein type skorpionfisk, som sym blant mindre fiskar i Raudehavet.

Drakefisken nyttar brystfinnene sine til å samle ein liten stim av fisk framfor seg, for deretter å sluke dei i ein jafs.

Den biletvakre fisken er heimehøyrande i Stillehavet og det Indiske hav, men har også blitt innført i Atlanterhavet der han utgjer ein uønska framand art.

Drakefisk

Drakefisk fotografert i Raudehavet i Israel.

Foto: Mark Fuller/ Rosenstiel School of Marine and Atmospheric Science, University of Miami