Hopp til innhold

Insekt overraska av regnet

Utrulege foto viser augestikkarar, maur og marihøner dekka av dropar etter ei regnskur. Sjå biletserien.

Den slovakiske fotografen Ondrej Pakan har spesialisert seg på å ta bilete av verdas insekt like etter ein regnskur.

– Eg blir gjennomvåt mens eg ventar på at regnet skal ta slutt, men det er verdt det når du får verkeleg gode bilete av insekt dekka med dropar, seier Pakan.

Han fortel at det kan vere ei utfordring å halde utstyret tørt nok på nokre av dei mest eksotiske filmstadene han oppheld seg på.

Fotografen nyttar eit Canon 40D-kamera med eit makroobjektiv for å ta dei utrulege bileta.

– Blir slått i bakken av regnet

Regn kan vere plagsamt for menneske, men det er endå meir plagsamt for bitte små insekt.

– Dei aller fleste insekta liker ikkje å fly i regn, dei blir rett og slett slått i bakken, fortel biolog Petter Bøckmann ved Universitetet i Oslo.

Han samanliknar det med om vi menneske skulle få slengt tilitersbøtter med vatn over oss når vi var ute og flaug.

– Mange dyr, som for eksempel sommarfuglar mister flygevnen heilt i regnet, vengjene vil berre klistre seg saman, fortel Bøckmann.

– Klarar ikkje riste av seg dropen

Insekt dekt av vassdropar

Det er ikkje så greitt for ein maur å riste av seg vassdropar.

Foto: Ondrej Pakan / Bulls Press

Har insekta først blitt dekka av regndropar er det ikkje alltid så lett for dei å kvitte seg med vatnet heller.

Mens ei humle er stor nok til å klare å riste av seg vassdropar, vil mindre insekt ha store vanskar med å bli tørre igjen.

– På grunn av overflatespenninga til vatn, vil til dømes ein maur ikkje klare å riste av seg ein vassdrope på kroppen, fortel Bøckmann.

Krafta som held dropen saman, er for sterk for ein liten maur. Mauren må rett og slett vente til han tørkar.

Med andre ord er det ikkje rart at vi vanlegvis ikkje ser mange insekt ute i regnet.

Dei føretrekkjer nemleg å gå i dekning, og overlate scenen til makk og sniglar som har større sans for det våte element.

Sjå fleire lekre biletgalleri:

750 000 arter i havet er fortsatt ikke oppdaga

Mikromonstra omkring deg

Over tusen nye arter oppdaget

Leoparden møter sin likemann