Hopp til innhold

Lam kvinne lagar bilete med tankekraft

Forskarar har utvikla dataprogram som gjer det mogleg å måle digitale bilete med hjernen.

Heidi Pfützner

ALS-sjuke Heidi Pfützner får hjelp av teknologi til å lage bilete med hjernekraft.

Foto: YouTube, skjermdump

ALS-sjuke Heidi Pfützner frå Tyskland har mista all muskelkraft og er avhengig av maskiner for å kunne trekkje pusten.

Likevel er ho i stand til å lage sine eigne måleri, ved å styre ein digital pensel med hjernen. Dette skriv Telegraph.

Det er forskarar og teknologar ved Universität Würzburg og teknologibedrifta gTech som saman har utvikla hjerne-datamaskin-grensesnittet BrainPainting som gjer ALS-sjuke i stand til å bruke sine kreative evner igjen.

Digitalt hjernemåleri skapt av ALS-ramma Heidi Pfütner

Digitalt hjernemåleri laga med hjelp av hjernekraft.

Foto: Heidi Pfütner

Hette måler hjerneaktivitet

BrainPainting går ut på å registrere hjerneaktivitet hos ein brukar ved hjelp av ei hette med elektrodar, og omsetje dette til fargar og former

Når brukaren konsentrerer seg om ein av fleire ulike val, som å teikne ei linje eller velje ein farge, kan programvara fange opp kva brukaren vil gjere via elektrodane.

Dette skjer konkret ved at kvar valmoglegheit blinkar, og brukaren må telje kvar gong den valmoglegheita dei ønskjer blinkar.

Programvara kan bruke teljinga til å finne ut kva valmoglegheit brukaren konsentrerte seg om.

Heidi Pfützner måler bilete med hjernekraft

Heidi Pfützner med elektrodehetta som gjer det mogleg for henne å styre den digitale penselen.

Foto: Katja Pfützner

– ALS er ikkje slutten

Heidi Pfützner fekk sjukdommen Amyotrofisk lateralsklerose (ALS) i 2007. Sjukdommen angrip motoriske nerveceller i ryggmargen og hjernen, slik at pasienten til slutt blir paralysert. Det finst inga behandling for ALS, og statistisk sett overlever pasientar berre tre år etter at dei får diagnosen.

Saman med familien bestemte Heidi seg for å leve vidare med hjelp av pustemaskin.

Før Heidi Pfützner vart sjuk, var ho ikkje særleg glad i teknisk utstyr, og kunne ikkje fordra å jobbe med datamaskiner.

Men teknologi som bind saman hjerne og datamaskin, såkalla brain-machine-interface, har no gitt henne moglegheit til å ta opp delar av sitt gamle liv på nytt.

– Dette prosjektet gir meg moglegheita til å vise at ALS ikkje har betydd slutten på livet mitt, skriv Pfützner i ein blogg på nettstaden Startnext.

Firebarnsmora har brukt teknologien til å lage ein serie av digitale hjernemåleri som ho skal stille ut på øya Easdale i Skotland i juli i år.