Hopp til innhold

Knivsikta fengsla i fire veker

25-åringen som er sikta for lekamsskading med farleg reiskap etter knivstikkinga på torget i Trondheim på tysdag er varetektsfengsla i fire veker.

Knivstikking Trondheim

25-åringen, som knivstakk to personar på torget i Trondheim, blir fengsla i

Foto: Siri Gulbrandsen / NTB scanpix

– Grunnlaget han er fengsla på er gjentakingsfare, seier politadvokat Silje Mebust i Sør-Trøndelag politidistrikt til NRK.

Mannen er ikkje underlagt brev- og besøksforbot.

Saka gjekk i dag som kontorforretning i Sør-Trøndelag Tingrett. Kontorforretning betyr i praksis at ein dommar aleine gjennomgår dokumenta i saka, utan at aktor, forsvarar og sikta er til stades. Politiet ba om varetektsfengsling i fire veker.

Han begjærte seg lauslaten i samband med fengslinga.

–- Han vart spurt om han erkjenner straffskuld i avhøyret i går, men tok ikkje stilling til det etter råd frå meg. Han begjærer seg lauslaten i samband med fengslinga, sa 25-åringen sin forsvarer Tore Angen til Adresseavisen tidlegare i dag.

Lekamsskading

Mannen såra to personar i episoden. Mannen på 49 år og kvinna på 46 vart begge behandla på St. Olavs Hospital. Kvinnen er, ifølgje Adresseavisen, hardt skadd og operert.

25-åringen vart avhøyrt onsdag.