Hopp til innhold

Ottervik forstår at politiet losna skot

– Det er nødvendig at politiet brukar makt i ein situasjon der ein person går laus med kniv og skadar forbipasserande på torget i Trondheim, seier ordførar i Trondheim, Rita Ottervik (Ap).

Rita Ottervik

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik, skjønnar at politiet måtte losne skot tysdag på torget i Trondheim.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Politiet hadde onsdag sitt halvårlege møte med politikarane i Trondheim, og dei orienterte på møtet om situasjonen på torget i Trondheim på onsdag, der ein 25 år gamal mann gjekk laus på tilfeldig forbipasserande med kniv. Han er no sikta for lekamsskading med kniv. Politiet fyrte i samband med hendinga av eit varselskot.

– Dei har orientert oss om at det var ein alvorleg situasjon og at det var nødvendig å bruke makt. Dei fortalde også at alle rutinar, som skal følgjast, har vorte følgt, seier Ottervik.

Skremmande

Knivstikking Trondheim

Ein 25 år gamal mann er sikta for lekamsskading med kniv etter hendinga på torget i Trondheim tysdag.

Foto: Siri Gulbrandsen / NTB scanpix

– Det er skremmande for oss at det går ein person laus på torget med kniv. Og det er forståeleg at politiet måtte bruke makt for å avgrense handlingane til denne personen, seier Ottervik.

Politiet brukar makt i form av peparspray, handjern og batongar. Og frå november i fjor vart det også innført ei mellombels væpning av politiet med bakgrunn terrorvurderingar gjort av styresmaktene.

Kommunalråd i Trondheim, Yngve Brox (H), er forferda etter hendinga.

- Eg er forferda over at politiet må bruke skytevåpen midt i Trondheim sentrum, men det skjer heldigvis veldig sjeldan. Det er skremmande at ein person går laus med kniv og skadar tilfeldig forbipasserande.

Forstår bruken av makt

Ottervik håpar ikkje denne mellombelse væpninga av politiet fører til at de blir oftare våpen.

– Men samstundes skal me ikkje vere naive. Når det oppstår slike situasjonar som på tysdag, så må politiet bruke fleire maktmiddel for å hindre at fleire personar blir skadde. Og når det da ikkje fører fram å bruke peparspray og batong, då skjønnar eg at politiet må gå eit steg vidare å bruke varselskot, seier Ottervik.

Ho seier at politiet ville ha brukt våpen i denne situasjonen også før den mellombelse væpninga av politiet vart innført.

– Politimeisteren har i dag informert oss om at politiet uansett ville ha brukt våpen i ein slik situasjon. Ein person truar her andre personar på livet og då kan politiet væpne seg. Det er altså ingen skilnad på normalsituasjonen og det me opplevde no.

Kommunalråd Yngve Brox seier seg også nøgd med svaret frå politiet.

– Dei har gitt oss eit godt svar i dag. Det er vanskeleg å sjå at situasjonen ville ha vore annleis før, seier han.

Tenke seg om

– Det er viktig at politiet tenkjer seg godt om før dei brukar våpen, men samstundes er det viktig at dei kan bruke makt når dei skal forsvare liv, held Ottervik fram.