Knivsikta ønskjer å bli lauslaten

Den 25 år gamle mannen som er sikta for lekamsskading etter knivstikkinga på torget i Trondheim tysdag ønskjer å bli lauslaten.

Knivstikking Torvet i Trondheim

Ein 25 år gamal mann er sikta for lekamsskading med farleg reiskap etter knivstikkinga på torget på Trondheim tysdag. Saka skal handsamast som kontorforretning av Sør-Trøndelag Tingrett torsdag.

Foto: Jørgen Pettersen / NRK
Journalist

Politiet ønskjer å vareteksfengsle mannen.

–- Han vart spurt om han erkjenner straffskuld i avhøyret i går, men tok ikkje stilling til det etter råd frå meg. Han begjærer seg lauslaten i samband med fengslinga, seier advokat Tore Angen, 25-åringens forsvarer til Adresseavisen.

Saka kjem til å gå som kontorforretning.

– Det er vanleg praksis om sikta er samd i det, seier politiadvokat Silje Iren Mebust til NRK.

Kontorforretning betyr i praksis at ein dommar aleine gjennomgår dokumenta i saka, utan at aktor, forsvarar og sikta er til stades.

I løpet av dagen

– Dommaren skal vurdere saka i løpet av dagen, seier politiadvokat ved Sør-Trøndelag Politidistrikt, Silje Iren Mebust.

Den 25 år gamle mannen som knivstakk to personar på Torget i Trondheim tysdag ettermiddag er sikta for lekamsskading med farleg reiskap.

Han såra to personar. Mannen på 49 år og kvinna på 46 vart begge behandla på St. Olavs Hospital. Kvinnen er, ifølgje Adresseavisen, hardt skadd og operert.

25-åringen vart avhøyrt i går.

Video fra Trøndelag

I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.
Fikk heder for sitt arbeid med mangfold og inkludering.
Etter år med hus-okkupasjoner og ungdomsopprør ble Svartlamoen boligstiftelse til, etter våpenhvile med Trondheim kommune. 
Det er faktisk 15 år siden kampen sto om det gamle arbeider-boligstrøket.