Hopp til innhold

Blir ikkje fengsla i dag

Den 25 år gamle mannen som er sikta for å ha knivstukke to personar på torget i Trondheim tysdag blir ikkje framstilt for varetektsfengsling i dag.

Knivstikking Trondheim

Ein 25 år gamal mann er sikta for å ha knivstukken to personar på torget i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det blir ikkje noko fengslingsmøte i dag. Me har enno ikkje teke stilling til fengslingsspørsmålet. Me ønskjer å etterforske saka meir, seier politiadvokat Silje Iren Mebust ved Sør- Trøndelag politidistrikt til Adresseavisen.

Mannen er sikta for lekamsskading med kniv. 25-åringen er enno ikkje avhøyrt av politiet.

Han kan haldast i politiarresten i tre dagar før han må lauslatast eller bli framstilt for varetektsfengsling.

Sikta er enno ikkje avhøyrt.

– Me held på med å undersøke moglegheita for det i dag, men det er ulike omsyn å ta, seier politioverbetjent Wenche Johnsen ved Sør-Trøndelag politidistrikt.

Psykiatrisk vurdering

– Det er avgjort at han skal til ei primærpsykiatrisk undersøking. Det er nærmast rutine at det blir gjort i så alvorlege saker, fortel ho.

Ei rekkje vitner er avhøyrt om hendinga. Ein mann på 49 år og ei kvinne på 46 år vart knivstukne. Kvinna vart alvorleg skadd og er operert, i følgje Adresseavisen.

Sikta vart arrestert i ein dramatisk politiaksjon der det vart avfyrt eit varselskot.

Ifølgje Johnsen er det vanskeleg å si noko om motivet for knivstikkinga.

– Vårt inntrykk er at det ikkje har vore nokon tidlegare kontakt mellom sikta og dei fornærma. Det er ingen relasjon mellom dei, seier Johnsen.

Spesialeininga for politisaker skal vurdere om det er grunnlag for å etterforske politiets åtferd under pågripinga.