Hopp til innhold

Tiltalte feil person for grovt ran – fornærma var heilt sikker på kven som truga han med kniv

Ein butikkmedarbeidar vart drapstruga med kniv då han forsøkte å stoppe to personar som stal øl. Han sa til politiet at tjuven hadde ryggsekk. Men det var tjuven utan ryggsekk som vart tiltalt.

To personer i mørke jakker med hette. Ansiktene er sladdet. Det er markert en rød ring på en av personenes høyre skuler. Her vises deler av skulderreima til en sekk vedkommende har på rygge

RYGGSEKK: Knivmannen (til venstre) med ryggsekk i butikken. Men det var mannen til høgre som vart tiltalt.

Foto: Politiet (montasje NRK)

Rettssaka gjekk i Trøndelag tingrett i førre veke.

Den omfattande tiltalen dreier seg også om knivstikking av ein annan person, drapstrugsmål mot andre butikkmedarbeidarar og mot tilsette i rusomsorga i Trondheim kommune.

I butikkane tok han med seg øl, utan å betale.

– Livet mitt er meir verd enn 12 pils

10. februar var tiltalte og ein person på ein butikk i Trondheim. Ein av dei to som jobba i butikken såg på overvakingskamera at tolv boksar øl forsvann ned i ryggsekken.

Butikkmedarbeidaren konfronterte mennene med tjuveriet inne i butikken.

– Det vart litt «dytting» før kundane greidde å kome seg forbi meg og sprang ut.

Det fortel «Anders» til NRK. Han ønskjer å vere anonym, men er klar på det som skjedde:

Han tok igjen dei to utanfor butikken og bad om å få sjå i ryggsekken.

I staden tok den eine mannen fram ein kniv og sa noko slikt som:

«Du skal døy» eller «Eg skal drepe deg»

Kniv

BRUKT FLEIRE GONGER: Kniven brukt under knivstikkinga og truleg også då Anders vart truga utanfor butikken ei dryg veke tidlegare.

Foto: politiet

Kameraten til knivmannen stod ved sidan av. Han verken sa eller gjorde noko, slik Anders hugsar det.

Trugsmålet med kniv gjorde at Anders trekte seg tilbake:

– Livet mitt er meir verd enn 12 pils, seier han til NRK.

Då politiet kom like etter fortalde han at det var kunden med ryggsekk som hadde truga med kniv.

Avviser mangelfull etterforsking

Anders vart aldri innkalla til noko meir politiavhøyr. Så fekk han vite at ein av mennene var tiltalt for grovt ran med særleg farleg reiskap

Då rettssaka starta 31. mai, opplyste aktor at det grove ranet ikkje lenger skulle vere ein del av tiltalen.

Grunngjevinga var mangel på bevis for at det var tiltalte som knivtruga Anders.

Tiltalte og kameraten var for mørkkledde, hadde hette på hovudet og same kroppsfasong. Dermed var det vanskeleg å skilje dei, ifølgje aktor.

Vitnet Anders seier til NRK at dei to ikkje var så like.

Aktor avviser at etterforskinga av det grove ranet har vore mangelfull.

– Men det har vore nokre mistydingar undervegs, seier politiadvokat Alf Rune Nilsen.

Alf Rune Nilsen

VANSKELEG Å BEVISE: Aktor Alf Rune Nilsen avviser mangelfull etterforsking.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Statsadvokaten : – Mitt ansvar

Det var statsadvokat Jarle Wikdahl som tok ut tiltalen. Wikdahl viser til at mannen med ryggsekken vart pågripen og sikta for knivranet saman med tiltalte.

Men sistnemnde skulle i staden vore tiltalt for å ha medverka til knivranet, sidan påtalemakta meiner det var «ryggsekkmannen» som viste fram kniven.

Det burde kome fram av grunnlaget i tiltalen at han (tiltalte) gjorde dette saman med N.N. («ryggsekkmannen») og at det var N.N («ryggsekkmannen») som viste fram kniven. Det er mitt ansvar og min feil ved utforminga av tiltaleavgjerda, skriv Wikdahl i ein e-post til NRK.

«Ryggsekkmannen» var den tredje som var til stades då tiltalte knivstakk ein annan. Det skjedde ei dryg veke etter episoden på butikken.

Fornærma vil ikkje at tiltalte skal straffast

Krangel om ein forsvunnen mobiltelefon og deling av amfetamin, enda med at ein mann i 30-åra vart knivstukken i leilegheita til tiltalte 19. februar.

Den skadde blødde frå brystet der kniven hadde treft like over hjartet. På sjukehuset måtte han sy fem sting.

Tiltalte nektar straffskuld for grov kroppsskade. Han ville berre skremme ved å veive med kniven for å få fornærma ut, forklarte han.

Krimtekniker fotograferer inn i en leilighet i et leilighetsbygg

PÅ ÅSTADEN: Kriminalteknikar ved inngangen til leilegheita der knivstikkinga skjedde.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

I retten endra fornærma forklaring og sa at tiltalte ikkje meinte å stikke han.

Dommaren gjorde han merksam på at det er straffbart å forklare seg falskt.

Utdrag frå politiavhøyret i februar vart spelt av i retten.

«Var det di oppfatning at han (tiltalte) ville treffe deg, at det var meininga?» , spør politikvinna som avhøyrer han.

«Ja, absolutt. Absolutt,» svarer fornærma og viser til måten tiltalte heldt kniven på.

Den sikta «ryggsekkmannen» oppfatta heller ikkje at knivstikkinga skjedde med vilje. Han støtta i stor grad forklaringa til fornærma.

Les også Fann fleire knivar heime hos mann som er sikta for drapsforsøk

Fengslingsmøte etter drapsforsøk i Trondheim. Anne Haave tv, Dommerfullmektig Bjørn flemming Iversen og forsvarer Jasmn Gheshlaghi

– Eg skal klippe av deg hovudet

Når det gjeld trugsmåla mot andre butikktilsette og tilsette i Trondheim kommune, sa tiltalte seg skuldig i desse.

Det gjeld to episodar mot same butikktilsett, der tiltalte truga med eit barberblad eller ei saks då han vart oppdaga med stole øl.

I lokala til Frelsesarmeen si rusomsorg sa han til ein kommunetilsett:

«Eg skal klippe av deg hovudet», og viste ved rørsler korleis han skulle skjere over strupen hans, ifølgje tiltalen.

Sidan punktet om det grove ranet vart fråfalle av aktor, skal retten frifinne han for dette. Det betyr om lag eitt år lågare fengselsstraff.

Aktor la ned påstand om eitt år og åtte månader i fengsel for resten av tiltalen.

Jasmin Gheshlaghi

RETT AVGJERD: Forsvarer Jasmin Gheshlaghi meiner det var rett av aktor å trekke tiltalen som galdt eit grovt ran.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Forsvarar Jasmin Gheshlaghi viste til at tiltalte er analfabet, traumatisert etter opplevingar i eit krigsherja heimland, og at han har rusproblem.

Ho meinte han bør frifinnast for knivstikkinga fordi det ikkje er godt nok bevist at han stakk med vilje.

Retten overtydd om at knivstikket ikkje var uhell

Tysdag vart tiltalte dømt til eit år og tre månadar i fengsel.

Om knivstikket og spørsmål om det var eit uhell eller naudverje, heiter det i domen:

«Retten er overbevist om at fornærmede verken ble påført knivstikket ved et uhell eller at dette oppsto som et ledd i en nødvergehandling fra tiltaltes side.»

Det er skjerpande at at knivstikket vart gjort med stor kraft mot ein særleg kritisk del av kroppen, nær hjartet, meiner retten.

Når «ryggsekkmannen» blir tiltalt for det grove ranet med kniv mot Anders, er uvisst. Mannen i 20-åra har fleire forhold som politiet etterforskar.

Nokre saker er lagt bort fordi det er tvil om han er strafferettsleg tilrekneleg.

Den sikta er for tida innlagt på psykiatrisk sjukehus og vart ført til retten av politiet for å vitne.