Hopp til innhold

– Mubarak er ikkje i koma

Ryktene om at Mubarak har hamna i koma, er sterkt overdrivne, seier ei ikkje namngitt kjelde. Eks-presidenten skal no vere tilgjengeleg i telefonen frå feriehuset sitt i Sharm el-Sheikh.

Hosni Mubarak i sin siste tale

Hosni Mubarak i sin siste tale før han gjekk av.

Foto: Anonymous / Ap

Ryktene har svirra dei siste dagane om helsa til den tidlegare presidenten i Egypt. Etter at Hosni Mubarak til sist trekte seg som president etter 30 år ved makta, har ingen høyrt frå han.

Ifølgje rapportane skal Mubarak ha falle i koma etter at han heldt den siste talen, der han kunngjorde at han ikkje gjekk av, sjølv om dei fleste venta at han ville gjere det .

Svarar på telefon

Det gjorde han ikkje, ifølgje ei kjelde som skal ha snakka med han i dag.

– Han har det bra, seier kjelda til nyheitsbyrået Reuters.

– Han er i feriehuset sitt i Sharm el-Sheikh saman med familien sin. Han tek imot telefonsamtalar. Eg snakkte med han klokka 15 i dag, seier han.

Den internasjonale arabiske avisa, Asharq al-Awsat, rapporterte at Mubarak var ved skrantande helse, og at han nekta å reise til utlandet for å få behandling.

– Det som er sikkert er at helsa har blitt dramatisk dårlegare. I tillegg har vi høyrt at han nektar å ta imot naudsynt medisinsk hjelp, skreiv avisa og siterte ei kjelde høgt i det egyptiske militæret.

– Ville døy i heimlandet

Dei skreiv også at Mubarak hadde krevd å få døy i sitt eige heimland, og at det såg ut som at dette var nært føreståande.

I fjor gjekk 82 år gamle Mubarak gjennom ein galleblæreoperasjon i Tyskland . Sidan har ryktene om skrantande helse gått.

Reuters fekk stadfesta at Mubarak «pustar», men fekk ikkje vite meir om korleis det stod til med den nyavgåtte statsleiaren.

Medan Mubarak framleis klamra seg til makta i Egypt, sa han i ein tale på nasjonalt fjernsyn at han ville bli i landet til sin død.

SISTE NYTT

Siste nytt