Hopp til innhold

Han selde alt han eigde for å komme seg ut av Gaza

Dei fleste palestinarane på Gazastripa får ikkje lov til å reise ut. Men har du pengar, finst det ei moglegheit. For ein familie kosta fridomen 200.000 kr.

ein mann bakfrå. har på skinnjakke. telt i bakgrunnen

Mannen, som ønsker å vere anonym, betalte nyleg over 200.000 for å sleppe ut av Gaza.

Foto: NRK

At ein kan betale seg over grensa til Egypt, er verken overraskande eller nytt. Men på grunn av krigen er trykket blitt mykje større, og folk har langt mindre.

Fleire palestinarar NRK har snakka med ved grenseovergangen Rafah sør på Gazastripa, fortel det same:

Når dei søker om utreise, får dei beskjed av palestinske tenestemenn om å «koordinere» reisa med den egyptiske sida.

Det betyr i praksis at dei må betale ein større sum pengar til eit privat egyptisk selskap.

For utanlandske statsborgarar er det annleis. Norske statsborgarar blei henta ut av Gazastripa så tidleg som november i fjor.

Kven som får reise, er opp til Egypt

Grensesjef på palestinsk side, Hisham Eduam, fortel at om lag 500 menneske får forlate Gazastripa kvar dag.

Palestinske tenestemenn bidrar med organisering av utreise og stempling av pass. Kven som får reise ut, er derimot opp til Egypt.

buss med bagasje utanfor
Foto: NRK

Offisielt er det først og fremst folk med utanlandske statsborgarskap, i tillegg til 15 palestinarar med ekstraordinære skadar som må behandlast i utlandet.

Men dei fleste som får eit sete på bussen som går over grensa, har betalt i dyre dommar.

Desperate palestinarar betalar opp mot 10.000 dollar i bestikkingar til egyptiske meklarar, viser ei undersøking gjort av The Guardian. Det same fortel kjelder NRK har snakka med.

Dei fleste oppgir at dei er bedne om å betale 5000 dollar per vaksen, 2500 dollar for barn.

Han selde alt

I rein desperasjon er det fleire som no sel alt dei har av verdi, for å få råd.

Journalistar NRK samarbeider med på Gazastripa, har snakka med ein av dei. Han ønsker ikkje å stå fram med bilete eller namn.

– For å få meg og barna mine ut, måtte eg betale 20.000 dollar, seier han.

Mannen fortel at han måtte selje alt han eig av verdi, inkludert leilegheita og bilen sin.

NRK har prøvd å kontakte selskapet han brukte for å komme seg ut, men ikkje fått svar.

På Facebook-sida deira er det fleire som tryglar om hjelp, og som seier at dei ikkje når gjennom på det oppgitte telefonnummeret.

Få av dei som har betalt, tør å stå fram, fordi dei ikkje ønsker å komme i trøbbel med egyptiske styresmakter, som offisielt aldri har vedkjent at korrupsjon finn stad på grensa.

Egypts ambassade seier til NRK at dei ikkje er kjende med situasjonen, og at dei ikkje kan kommentere informasjonen, fordi han er basert på «upålitelege kjelder».

– Problemet no er at eg ikkje fekk noko kvittering, fortel den palestinske faren første gongen journalistane i Gaza snakka med han.

– Eg fekk beskjed om at eg skal reise på torsdag, men har ikkje fått noko papir, seier mannen som nyleg betalte over 200.000 kr i «koordineringsgebyr».

Derimot fekk han ein papirlapp klistra på passet sitt, som skulle halde.

pass med stempel

For nokre få er eit kostbart klistremerke vegen ut av krigen.

Foto: NRK

– Dei berre registrerer oss

Men for dei aller fleste, er 5000 dollar umogleg å skaffe.

Abid Rahman Alfarah har budd i eit provisorisk telt ved grenseovergangen i over to månader. No tryglar han den arabiske verda og Egypts president Abdel Fattah El-Sisi om hjelp.

– Det er ikkje mat, drikke eller militærhjelp her. Dei berre registrerer oss. Ingen gjer noko for oss.

Han er palestinar, men fekk opphaldsløyve i Egypt i november. Likevel får han beskjed om å «koordinere» utreisa av grensevaktene, altså betale 5000 dollar.

– Korleis skal eg skaffe 5000 dollar? Eg har ikkje eingong 500 dollar, seier han.

abid rahman ser i kamera. har på svart boblejakke. bak han ser vi grensestasjonen

Abid Rahman Alfarah bur ved grensa til Egypt, i håp om at han snart skal få reise over.

Foto: NRK

Desperasjonen brer om seg

Palestinarar er desperate etter å komme seg ut av den dødelege krigssona.

Rundt 1,8 millionar er internt fordrive, halvparten av bygningane er øydelagde, ifølge BBC. Barn døyr av undernæring som følge av Israels blokade av matforsyningar.

Suzann Elayan har opphaldsløyve i Belgia, og var på besøk hos slektningar i Gaza då krigen braut ut. Ho fortel at alle slektningane er drepne.

– Eg skjønner ikkje at eg har overlevd.

suzann står aleine, er raud rundt augene, ser trist ut

Suzann Elayan er heilt åleine. Mannen og barna er i Belgia.

No har ho komme seg til grenseovergangen, men står fast. Også ho for beskjed om å «koordinere» utreise.

– For Guds skuld, få meg ut herfrå. Eg er så trøytt. Eg er kjempesliten. Eg greier ikkje å leve eit minutt til i Gaza, seier ho gråtkvelt.

Mannen som betalte over 200.000, fekk plass på bussen ut av Gazastripa på torsdag.

Han drøymer om å finne seg arbeid innan programmering, men er open for kva som helst, kvar som helst. Det viktigaste er uansett at han og familien er på trygg avstand frå krigen.

Abid og Suzann sit framleis i grensebyen Rafah, saman med 1,5 millionar andre.

Abid fortel at folk no sel både husa sine og gullet sitt. Men huset hans er bomba, og han har ikkje noko gull å selje.

– Det einaste eg har att, er Gud.

Høyr Utanriksredaksjonens podkast:

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.