Hopp til innhold

Verdt bryet å lese

Claudio Magris er ein av desse lærde europearane som skriv romanar i tillegg til å vere professorar og essayistar. Vår kritikar har lese den nyaste romanen hans, "I blinde". Hennar råd er tydeleg: Ikkje ta denne boka med deg på stranda i sommar.

Claudio Magris

Claudio Magris er ute med ny roman.

Foto: Forlaget Press

I blinde

Boka I blinde er omsett frå italiensk av Kari og Kjell Risvik.

Foto: Forlaget Press

Magris er nemleg ingen leverandør av strandlektyre. Nei, heller tvert imot, er dette ei bok for harde stolar og ei kanne kaffi, for her må ein ha ryggen rak og hovudet klart for å kome gjennom.

Kompleks bok

Viss du spør om det er bryet verdt, vil eg svare ja, men eg var ikkje alltid like sikker undervegs. Dette er altså ei bok som har etterverknader, kanskje fordi ho er såpass kompleks at ein treng litt tid for å finne ut av det.

På det heilt bokstavlege planet er dette historia om den italienske partisanen Salvatore Cippio som etter krigen dreg til Jugoslava for å kjempe for kommunismen. I staden hamnar han i Titos fangeleir, truleg fordi han er stalinist, og livet etterpå har ikkje vore så enkelt, det heller for å gjere ei lang historie kort. ”Jeg vet godt at jeg har opplevd altfor mye til at det kan være sant, men det er da ikke min feil…”, klagar Salvatore til legen som får høyre livshistoria hans.

Frå sjukesenga

Heile romanen er den gamle mannens historie fortalt frå sjukesenga, ein enkel og grei sjanger kunne ein tru, men identiteten til Salavtore er mangfoldig, berre høyr her:

”Jo, doktor, jeg har også løyet. Nå ja, løyet og løyet – min selvbiograf har forskjønnet tingene en smule, som nesten alltid skjer når man skriver.”

Min selvbiograf kan vel ikkje vere andre enn han sjølv? Identiteten vert endå meir forvirrande ved at han insisterer på å vere ei kloning av den danske eventyraren Jorg Jorgensen som døydde i 1841, ca 70 år før han sjølv blei fødd. Jorgensen nådde mellom anna å vere konge på Island og fange på Tasmania i løpet av sitt turbulente liv, og dermed er han ein fiks ferdig romanfigur allereie når Magris oppdagar han. Hyppig inne er også Jason og ikkje minst det gylne skinnet han ofrar alt for å få tak i, og då er vi tilbake i den greske mytologien.

Så, kva slags bok er dette? Ikkje sjølvbiografien til Salvatore, men - mellom anna - ei historie om krigen, om kva folk gjer i krig og kva krig gjer med folk.

Salvatore, altså ”frelsaren”, er den unge idealisten som etter å ha smakt både fascistisk og sosialistisk tortur er klar for å gjere og seie kva som helst for å overleve.

Ofrar kjærleiken

For å frelse seg sjølv tek han ikkje berre andres liv i slag, han ofrar også Maria som han elskar og faktisk også barnet deira, mens han konkluderer at kjærleik er den krigen han ikkje orkar i tillegg til alle dei andre krigane, så den krigen får heller kvinnene kjempe - og gå til grunne i.

Men det er ikkje pessimismen som gjer dette til ei tung bok å lese, det går også an å diskutere kor eintydig pessimismen er. Tyngda ligg i dei elegante sveipa Magris tek gjennom ide- og krigshistorie, og dei ligg i sjølve teksten som er komponert med suveren forakt for Finn Erik Vinjes språkreglar.

I blinde er ei lærd og sofostikert bok som stolar på at lesaren er villig til å kjempe seg innover i labyrinten utan altfor mykje assistanse. Og, som eg sa innleiingsvis, det er bryet verd.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.