Hopp til innhold

- Guillou har kryssa ei grense

Denne helga avslørte Expressen at journalist og forfatter Jan Guillou har hatt kontaktar i KGB. Det er skilnad på journalistikk og betalte opplysingar, meiner Per Egil Hegge.

Jan Guillou
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Som ung journalist fekk Guillou betalt for å gje opplysingar til den sovjetiske etterretningtenesta på 60- og 70-tallet.

Jan Guillou sjølv prøver å bagatellisere kontakten med KGB, og omtaler det som ein slags leik. Han trur heller ikkje at informasjonen han gav var verdt noko særleg.

Ikkje nemnt i memoarane

KGB-kontakten nemner han heller ikkje i memoarane sine, fordi han meiner at dette var ein blindveg i livet hans, som ikkje førte til noko.

Men i dag seier ein tidligare KGB-sjef til avisa Expressen at vervinga av Guillou var viktig for organisasjonen, og at informasjonen han gav var nyttig.

Jan Guillou trur ikkje at avsløringa kjem til å påverke omdømmet hans.

- Dette vert nokre dagar publisitet, deretter ristar alle på hovudet av det, seier Guillou.

Omdømmet vert påverka

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge meiner det er skilnad på journalistikk og betalte opplysingar.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Tidlegare Aftenposten-redaktør og Moskva-korrespondent, Per Egil Hegge, meiner det er ynsketenking frå Guillou si side, og at dette kjem til å påverke korleis Jan Guillou vert oppfatta.

- Ryet til Jan Guillou har fått seg ein kraftig bulk, seier Per Egil Hegge til NRK.

Hegge meiner at ved å late seg verve, har ein trakka over ei grense. Han trur at også Guillou forstår dette, og at han difor prøver å pakke det inn som noko uskuldig.

- Det er skilnad på drive jounalistikk og å verte betalt for å gje opplysingar til etteretningstenesta, meiner Per Egil Hegge.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters