Hopp til innhold

M.I.A. boikottar H&M-klede

Britisk-tamilske M.I.A. frontar boikott av klede som er sydd på Sri Lanka, til støtte for tamilane.

M.I.A. under Coachella Valley Music & Arts Festival i California 18. april

M.I.A. under Coachella Valley Music & Arts Festival i California 18. april.

Foto: Chris Pizzello / AP

Mathangi Arulpragasam kom til Storbritannia frå Sri Lanka som 11-åring. Ho som slo gjennom under artistnamnet M.I.A. med nyskapande dansemusikk i 2005.

Faren hennar var tamilsk aktivist, og sidan gjennombrotet som artist, har M.I.A. synt eit sterkt engasjement for konflikta mellom minoriteten og singalesiske styresmakter.

Medan geriljakrigen har auka i intensitet, har ho snakka om saka i mediene fleire gongar - men nektar for at ho gjev støtte til terroristar.

- Kampen mot undertrykkjing starta lenge før tamiltigrane vart etablert. Dei har gjort kampen meir berømt, seier ho i tv-programmet til amerikanske Bill Maher.

I tillegg tvitrar ho nesten dagleg om at vi alle må gjere noko for internerte tamilar. Den siste oppfordringa hennar er å boikotte Hennes & Mauritz og andre som produserer og sel klede billeg til Vesten.

- Kan påverke mykje

Tamilske Majoran Vivekananthan er redaktør i avisa Utrop. Han rosar den britiske artisten for å lage sin eigen informasjonskampanje.

- Vi har ei historisk mogelegheit til å avslutte dei etniske spaningane. Og det er no, om ein legg internasjonalt press på aktørane, ein kanskje kan få til noko. Og i USA kan faktisk M.I.A. oppnå ganske mykje, gjennom å få taletid på tv-program som Oprah, som har mykje påverknadskraft.

- Kan verkeleg ei lita rappejente frå Storbritannia påverke storpolitikken?

- Til ei viss grad kan ho rette merksemd mot problematikken gjennom tv-show ho er med på i USA. Nokon av programleiarane som intervjuar henne har knapt høyrt om konflikta.

- M.I.A. er ei trøst

Majoran Vivekananthan

Majoran Vivekananthan, redaktør i Utrop.

Foto: Dang Trinh / NRK

Vivekananthan ønskjer eit liknande engasjement fra fleire, men ser at det først og fremst er utflytta tamilar som sprer informasjon om sine eigne - også i Noreg.

- Mange tamiler ser opp til M.I.A. som eit viktig førebilete. Og når ho kom med støtteerklaringar og sette i gong aksjonar i ei vanskeleg tid, blei det veldig godt motteke av tamilane. Dei følte at det i det minste var nokon som gjorde noko - og det var ei trøyst for mange.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP