Hopp til innhold

Kulturstyrer utan mangfald

- Større etnisk mangfald i Frps bystyregruppe i Oslo enn i norske kulturstyrer, hevdar forlagsdirektør.

Anders Heger
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Det var tid for å hauste erfaringar frå Mangfaldsåret 2008 då politikarar og representantar for kulturlivet møttest til konferanse i dag.

Men trass i regjeringa si store satsing på mangfald, ligg dei store kulturinstitusjonane langt bak både næringsliv og forvalting når det gjeld å rekruttere menneske med fleirkulturell bakgrunn.

I dag ga Kulturdepartementet ut bokea "Mangfold eller enfold", som skal oppsummere Mangfaldsåret.

- Alvorleg for norsk kultur

Anders Heger, forlagsdirektør i CappelenDamm, er ein av dei som har bidrege til boka.

- Eg satt og talde då eg skreiv. Frp si bystyregruppe i Oslo har fleire med innvandrarbakgrunn enn i styra til Nationaltheatret, Gyldendal, dei største kunstmusea og dei store bevilgande myndigheitene til saman - for der er det nemleg null!

Heger meiner fråværet av mangfald i kulturlivet er særs uheldig.

- Det er alvorleg for norske kulturkonsumentar, for vi byrjar å få eit kulturliv som ikkje speglar det faktiske Noreg.

- Kulturlivet er eit haleheng

Musikere fra mange verdenshjørner

Bilete frå opninga av Mangfaldsåret.

Foto: Tone Winje / NRK

Heger meiner det kan være naudsynt å øyremerkje pengar til å rekruttere menneske med fleirkulturell bakgrunn til stillingar i kulturinstitusjonar.

- Vi er eigentleg ikkje i fasen for repeseptar no, men for diagnose. Det første som må gjerast er at norsk kulturliv innser at dei faktisk er eit haleheng.

Kulturminister Trond Giske ser problemet.

- Mange av bidragsytarane til boka er inne på at kultursektoren, som ein trur går foran, faktisk heng etter resten av samfunnet når det gjeld mangfald.

Vil ikkje kvotere

Trond Giske

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske vil ikkje kvotere fleirkulturelle inn i kulturstyrer.

Foto: Guri Dahl

Men Giske trur ikkje at kvotering av fleirkulturelle til stillingar er vegen å gå.

- Vi vil ikkje nytte det som eit verkemiddel, men vi har stor merksemd rundt til dømes å få styra meir mangfaldige. I tillegg må kunstnarar, repertoar og publikum reflektere det mangfaldet som det norske samfunnet består av. Det handlar rett og slett om like mogelegheiter for alle.

Leif Pagrotsky var kulturminister då Sverige arrangerte mangfaldsår i 2006. Han meiner svenske kulturinstitusjonar er like ekskluderande som dei norske.

- Vi sette punktum for tidleg, i staden for å sjå framover. Ein må følgje opp det med mangfald betre, og anstrenge seg meir om resultata skal vedvare og debatten føre framover.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.