Hopp til innhold

Skal likevel få danse i skuletida

Solhjell grip inn i fylkesmannens vedtak, og vil la elevane ved Ruseløkka skule få danse ballett i skuletida.

Ballett
Foto: Colourbox.no

Tidlegare denne månaden avslo fylkesmannen ein søknad frå Ruseløkka skule om å få halde fram med ballettundervising i skuletida for 8. klasse.

Grunngjevinga var at tilbodet braut med prinsippet om einskapsskulen, som skal gje lik utdanning i ungdomsskulen uavhengig av ferdigheiter.

Dette møtte sterke protestar frå både dei talentfulle elevane som ønskjer å satse på ballett og frå skulebyråden.

Men i dag har Kunnskapsdepartementet bestemt seg for å gripe inn, overprøve fylkesmannens vedtak, og tillate ballettundervisninga.

- Dette er eit fantastisk tilbod som vi treng i skulen. Eg er ikkje i tvil om at elevar bør kunne få dyrke dei talenta dei har - og det har vi mogelegheit til å få til her, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell til NRK.

Tilpassa unntak for kunstutdanning

I forskrifta om høgare utdanning får enkelte kunstfag unntak frå kravet om generell studiekompetanse, og dette gjeld mellom anna ved Kunsthøgskolen i Oslo sitt bachelorstudium i klassisk ballett.

Dette har vore ein viktig grunn til at departementet vil tillate eit unntak for ballettundervisninga ved Ruseløkka skule.

- På nokre få fagfelt er det ekstremt viktig at dei som har eit særleg talent får lov til å dyrke det. Det kan vi gjere utan at det blir spesialskule på alle fagområde, meiner Solhjell.

Han trur ikkje at avgjerda vil undergrave einskapsskulen, men seier at han heller trur dette vil styrke skulen.

- Tvert om så trur eg at vi vil undergrave einskapsskulen dersom elevar med særleg talent i desse små fagfelta ikkje får lov til å dyrke og forbetre talentet sitt.

Kunnskapsdepartementet [finn] at hensynet til ballettelevane sine framtidige mogelegheiter utgjer ein særleg grunn til å vike frå hovudregelen i opplæringslovas § 8-2, slik at tilbodet ved Ruseløkka skule kan bli vidareført.

Kunnskapsdepartementet

I fjor haust starta samarbeidet mellom ungdomsskulen og Den norske opera om tilrettelagt undervisning.

No ser rektor ved Ruseløkka skole, Elin Brandsæter Tinderholt, fram til å kunne fortelje elevane at dei skal få halde fram med å danse i skuletida.

Ventar jublande elevar

- Elevane veit ikkje om det enno, dei gjekk heim akkurat då eg fekk vite det. Det vil bli nok bli stormande jubel, fortel ein strålande glad rektor.

Saksgangen hos fylkesmannen har vore lang, men Tinderholt har vore trygg på at tilbodet har vore innanfor rammene for Kunnskapsløftet.

- Vi har følgt lova til punkt og prikke, og berre tatt i bruk ein annan læringsarena gjennom å ha delar av undervisinga hjå operaen. Elevane har rapportert attende til oss om ein lettare skuledag, som har kombinert skule og fritidsinteresser på ein flott måte.

No håper ho at Utdanningsdirektoratet tek anbefalinga frå Kunnskapsdepartementet.

- Vi håper dei har sett at vi enkelt og greitt har brukt tilpassa undervisning på ein kreativ måte.

Glad byråd

Byråd for kultur og utdanning, Torger Ødegaard, seier til NRK at han er utruleg glad for avgjerda, og varslar at dei no kjem til å ta opp nye kull til utdanninga.

- Dette er eit elitetilbod som har kome for å bli.

Ødegaard seier samtidig at han har lyst til å starte eit elitetilbod til elevar som er flinke i musikk, kanskje allereie frå 5. klasse.

- Vi driv allereie ei omfattande satsing på elevar som er flinke i matematikk og språk, så dette kjem vi til å utvikle vidare og jobbe meir med.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters