Hopp til innhold

Vurderer å droppe Frikanalen

Innvandrarfiendtlege Norgespatriotene provoserer religiøse organisasjonar vekk frå Frikanalen.

Muslim TV
Foto: Frikanalen

To gongar i veka sender Trond Ali Lindstad Muslim TV (NRK tek ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider) på Frikanalen. Men det kan det no bli slutt på.

For dersom det høgreekstreme partiet Norgespatriotene gjer alvor av sine planar om å sende islamfiendtlege innslag på kanalen - vil Linstad stoppe sine sendingar.

- Vi vil nok ikkje vere interessert i å sende på kanalen viss Norgespatriotene slepp til. Den type aktivitet vil gje Frikanalen eit useriøst preg.

Vil brenne Koranen

Tidlegare denne veka fann kulturminister Trond Giske ei foreløpig løysing på striden om politisk tv-reklame ved å gi politiske parti ein garanti om gratis sendetid på Frikanalen .

Og i går blei det kjent at den høgreekstreme politiske grupperinga Norgespatriotene ønskjer å sende kontroversielle, islamkritiske innslag på fjernsyn.

Partiformann Øyvind Heian sa at han ville nytte sendetida til å brenne Koranen, og setje bilete av valdtekne, etnisk norske jenter i samanheng med ikkje-vestlege innvandrarar og smilande politikarar.

- Vi er kontroversielle, og vi vil ikkje bli noko mindre kontroversielle viss vi skal få ytre oss fritt på tv.

- Det bør gå ei grense

Trond Ali Lindstad

Trond Ali Lindstad sender Muslim TV på Frikanalen.

Norgespatriotene sine planar får Trond Ali Lindstad til å vurdere å trekkje seg ut av samarbeidet med Frikanalen.

- Dette er reine provokasjonar. Og vi ønskjer ikkje å gå i dialog med Norgespatriotene om det er greitt eller ikkje. Blir brenning av Koranen sendt på Frikanalen, vil vi heller markere avstand til kanalen, og bringje ut våre tankar og bodskap i andre samanhengar.

Den andre muslimske tv-sendinga på Frikanalen blir laga av Ahmadiyya-muslimane.

Menigheita har foreløpig ingen planar om å trekkje seg frå Frikanalen, men pressetalsmann Fazal Anas synest det er tragisk om kanalen blir brukt til islamfiendtleg propaganda.

- Når du byrjar å provosere ved å brenne heilage bøker, uansett kva religion det gjeld, bør det gå ei grense.

- Prisen for ytringsfridom

Frikanalens medlemmar består av over 70 frivillige organisasjonar som deler på sendetida. Dersom parti som Norgespatriotene og Vigrid skal få sleppe til, trur Lindstad at fleire av Frikanalens medlemmar vil reagere.

- Dersom denne type organisasjonar no skal byrje å markere seg på kanalen, så vil det endre både innhald og form på Frikanalen. Eg trur desse anstendige grasrotorganisasjonane vil føre seg framande i eit slikt selskap.

Finn H. Andreassen

Finn H Andreassen, dagleg leiar i Frikanalen.

Foto: Frikanalen

Men dagleg leiar av Frikanalen, Finn H. Andreassen, fryktar ikkje medlemsflukt. Han meiner Frikanalen bør ha rom for alle ytringar - også frå høgreekstremistar.

- Det er klart at det alltid vil vere nokon som kjenner seg provoserte. Men ytringsfridom gjeld ikkje berre for eigne meiningar, ein må akseptere andres rett til å fremje sine meiningar også. Det er prisen ein må betale for ytringsfridom.

Dette er Lindstad i Muslim TV usamd i.

- Det bør ikkje vere absolutt ytringsfridom på kanalen for ein kvar type tanke og ein kvar type hets. Slepp denne type aktivitet til, trur eg at få vil senke seg ned på samme nivå, og inngå dialog og debatt. Då vil vi flytte oss til meir anstendige medier.

Kulturstrøm