Hopp til innhold

Overlord

Forfattaren Torkil Damhaug klarer på ein overtydande måte å bruke andre verdskrigen som bakteppe i den nye romanen sin, "Overlord".

Dette er Torkil Damhaugs tredje roman. Felles for alle tre romanane er at forfattaren avslører store kunnskapar og ein hang til å reise tvil omkring det som skjer i teksten. Vi har upålitelege forteljarar, rablande galskap og halvkvedde viser.

I "Overlord" er forvirringa heva opp på eit høgare nivå. Her skreller forfattaren av lag på lag i fiksjonen og viser at den oppdikta historia er ja, nettopp, oppdikta. Det går an å meine at akkurat det veit dei fleste romanlesarar frå før, så kvifor gjere så mykje ut av å avsløre at livet til romanfigurane er skapt i hjernen på ein forfattar. Den tvilen som har blitt sådd i dei to føregåande romanane har bore større frukter enn det som er tilfellet her.  

Overlord, bokomslag
Foto: Cappelen

God skildring

Meir inntrykk gjer sjølve hovudhistoria, der vi på D-dagen 6. juni 1944 møter ein tysk løytnant som stikk av frå heile slaget for å møte den franske kjærasten. Han blir tatt til fange av ein ustabil 14-åring med skytevåpen, og får god tid til å tenke gjennom livet slik det har skikka seg frå han sjøl var på den alderen midt på 30-talet. Nazismen skapte splid mellom mor og far, som frå før levde i eit temmeleg trist ekteskap, og unge Peter blei dradd mellom to foreldre med kvar sin ideologiske ståstad.

I skildringa av den unge og etterkvart den vaksne Peter imponerer Damhaug stort. Det er også ein fin sving på spenningskurva etterkvart som det dreg seg til mellom Peter og 14-åringen André, - vil den tyske løytnanten nokon gong få sjå att den franske kjærasten sin - eller tyskertøsen som André kallar henne?

Så langt så godt, eller så langt svært så godt. Problema oppstår når ein figur frå vår samtid grip inn i historia og blir dels forteljar og dels aktør. Sjøl om eg let tvilen kome forfattaren til gode ser eg ikkje at dette tilfører historia særleg meir enn kvantitet og nokon poeng som er vesentleg meir banale enn resten av romanen.

Av og til er det enklaste det beste.

 

Kulturnytt, NRK P2, 11. desember 2006

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.