Hopp til innhold

Svingar øksene i Stranda i dag

I dag skal det kuttast i Stranda. Kommunen har ei gigantisk gjeld, og styrer mot store underskot. Fylkesmannen har nekta å godkjenne budsjettet.

Dersom kommunen skal få eit godkjent budsjett, må utgiftene kraftig ned i Stranda.

Kommunen kan kome til å innføre eigedomsskatt, som ein måte å få opp inntektene på.

Kommunen kan også få inntekter ved eit sal av Stranda Energi. I den store pakken inngår også planar om å selje seg ut av eigarselskapet på alpinanlegget på Strandafjellet.

Det kan også skje store ting på den austlege sida av fjorden. Eit av forslaga er å slå saman barnehagen og skulen i Liabygda.

Stranda har ei gjeld på 890 millionar kroner og manglar 50 millionar kroner for å få årets budsjett i balanse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL