Hopp til innhold

Utløysarmekanisme fungerte ikkje

Mekanismen som skal frigjere skipet frå kjettingen i ein naudsituasjon fungerte ikkje.

Ambulanse-personell tar hånd om de overlevende på skipet "Bourbon Dolphin"
Foto: Elaine Tait / SCANPIX

Førstestyrmann Geir Syversen  har nettopp forklart seg om det som hende då Bourbon Dolphin kantra.

Motorane stansa

I 17-tida var store deler av dekket fylt med vatn.  Fartyet krenga kraftig. - På dette tidspunkte ringte det frå maskinrommet, sa Syversen.  Eg trur det var maskinsjefen som ringde.  Beskjeden var at begge hovudmotorane på styrbord side hadde stoppa.

Emergency release

Syversen reiste seg frå stolen på brua, og ga beskjed: "No går eg". Han såg at dette var i ferd med å gå gale. Han fekk då beskjed frå kapteinen om å trykke på knappen som er merka med  "emergency release".   Dette er knappen som høyrer til systemet som også er omtalt som "Quick release".  Systemet skal frigjere skipet totalt for all kjetting som er ute.  Kjettingen skal rause ut frå skipet, og hamne på havets botn.

- Eg gjekk på plass.  Eg trudde vi var i ferd med å berge Bourbon Dolphin. Men på displayet såg eg at fartyet gav frå seg kjettingen langt saktare enn det skulle.  Kjettingen gjekk svært sakte ut.  Release-funksjonen virka ikkje etter føresetnadene, forklart  Syversen.   - Det eg venta skulle skje, skjedde ikkje, sa han.På dette tidspunktet var det 6 mann på brua.

Ut døra

Syversen og ein matros var dei som sto nærast døra.  Dei kom seg ut, og klatra mot det utvendige rekkverket. Det siste han såg før Bourbon Dolphin gjekk rundt, var ein av styrmennene som måtte slippe taket i ei hylle han heldt seg fast i, og fall ned.  På dette tidspunktet hadde også dei andre som var på brua falle frå stadene der dei hadde vore.

Kaldt

Syversen fortalde om ei bitande kulde.  Det var 3 grader i vatnet.  Han blei dregen under då Bourbon Dolphin kantra. I vatnet såg han ein matros som hadde fått på seg redningsvest.  Sjølv hadde han ikkje fått på seg redningsutstyr, men berga seg ved å halde tak i matrosen som hadde redningsvest. Etter kvart kom ein flåte drivande mot dei, ein flåte som dei berga seg i.