Hopp til innhold

– Vi trudde vi kom til å miste dottera vår

Langevåg (NRK): For tre veker sidan fekk Vidar og Kitte-Marie Eriksson sitt livs verste beskjed. Den tre år gamle jenta deira, Andréa, vart E.coli-smitta og det kunne sjå ut som om nyrene hennar kom til å svikte.

Andréa Eriksson sammen med foreldrene Vidar og Kitte-Marie hjemme

Etter tre tunge veker på sjukehuset har Andréa (3) kome heim. Her sit ho saman med foreldra og viser fram blåmerka etter alle blodprøvene.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I det grå huset i Langevåg har stemninga letta. Det ruskete vêret som har lege tungt over Sunnmøre dei siste dagane har gitt seg, og dei fortvilte tankane som har prega familien er færre enn for tre veker sidan.

I døropninga helser den tre år gamle jenta med eit lurt smil.

– Eg er frisk, seier Andréa (3) før ho blygt gøymer andletet i armkroken til mor si.

For berre få dagar sidan låg den vesle jenta lenka til sjukesenga. Foreldra har opplevd det dei kallar eit skrekkscenario dei ikkje unner sin verste fiende.

Trudde dottera skulle døy

Andréa Eriksson

Andréa har fått humøret tilbake etter tre veker i sjukesenga. Men ho er framleis litt sliten i kroppen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det heile starta med at Andréa fekk smerter i magen som først kunne minne om vanlege luftsmerter. Men berre timar seinare kom det berre blod då Andréa var på do.

Då skjønte legane på Ålesund sjukehus at noko ikkje var slik som det skulle. Foreldra fortel om drøssevis av testar som til slutt viste at treåringen hadde fått den alvorlege sjukdomen HUS. Ein komplikasjon som kan kome av E.coli-infeksjon, og som fører til nyresvikt.

Då tenkte foreldra det verste.

– Vi trudde vi kom til å miste ho. At ho skulle døy, fortel mor Kitte-Marie.

Foreldra er fornøgde med korleis legane og sjukepleiarane tok vare på Andréa både her i Ålesund og i Trondheim. Dei skal ha gjort alt i si makt for at ho skulle ha det bra. Andréa sjølv fortel at ho berre trong å trykke på ein knapp så fekk ho nudlar.

Men det er omtrent alt treåringen huskar. Ifølgje foreldra var ho svært neddopa dei elleve dagane ho låg i dialyse. Hadde ikkje nyrene hennar blitt reinsa er det ikkje sikkert Andréa hadde vore heime hos foreldra i dag.

Vaska alt med sprit

Andréa Eriksson sammen med foreldrene Vidar og Kitte-Marie hjemme

Alle tre syns det er godt å vere tilbake i heimen sin i Langevåg.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I kjellarleilegheita i Langevåg sit familien tett i sofaen. Uvissa om kva som smitta Andréa er ekkel, men Mattilsynet har tatt alle moglege testar.

Medan alle tre var på sjukehuset i Trondheim var det folk heime hos dei for å prøve å finne smittekjelda. Kjøleskapet og frysaren blei tømt. Til og med krydderhylla var tom då faren Vidar kom heim.

Ein enorm jobb stod framføre han. Etter å ha gjort storinnkjøp av desinfiserande middel på apoteket vaska han i nesten tre fulle dagar.

Kan kjøpe E.coli i butikken

Andréa Eriksson sammen med foreldrene Vidar og Kitte-Marie hjemme

Mor Kitte-Marie viser fram eit bilete av at Andréa får fotbad på sjukehuset.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Familien visste lite om sjukdommen HUS og konsekvensane før dottera blei smitta. Ifølgje Folkehelseinstituttet er ein slik tarminfeksjon i dei fleste tilfelle ufarleg, men ein sjeldan gong kan infeksjonen gje alvorleg sjukdom hos barn og eldre.

– Eg syns det er skummelt at ein omtrent kan kjøpe ein så alvorleg sjukdom i butikken, seier mor til Andréa.

EHEC-bakterien, som Andréa var smitta av, blei tidlegare kalla «hamburgarbakterien» etter fleire utbrot i USA etter at folk hadde ete på hamburgar-restaurantar.

E.coli smittar gjennom forureina kjøt og kjøtprodukt av storfe, sau, geit, grønsaker, upasteurisert mjølk og andre produkt av upasteurisert mjølk og drikkevatn.

Det kan også smitte ved direkte kontakt med dyr eller indirekte via dyreavføring, frå badevatn, eller direkte frå person til person gjennom forureina hender.

Hysterisk opptekne av å vere reinslege

Andréa Eriksson sammen med foreldrene Vidar og Kitte-Marie hjemme

Andréa viser fram bilde frå sjukehuset, og ser mykje kvikkare ut no enn ho var for berre få dagar sidan.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Men foreldra veit ikkje kva som kan ha gjort treåringen deira sjuk.

Heime hos dei luktar det reinare enn hos dei fleste. Den kraftige spritlukta har roa seg etter nedvasken, men små hint av desinfiserande middel snik seg framleis opp i nasen.

– Vi var nok over gjennomsnittet reinslege frå før, men no er vi hysteriske. Vi tenker på alt, ingen kjøtpålegg og heller ikkje grønsaker som ein et utan å skrelle dei først, seier Kitte-Marie.

Uklart kvar bakterien kom frå

Onsdag denne veka kom det fram at barnehagejenta hadde fått smitta frå foreldra utan at Vidar og Kitte-Marie visste om dette. Det stemmer nødvendigvis ikkje.

Foreldra fortel at dei blei testa for bakterien ei veke etter at Andréa blei sjuk, og prøvene viste at dei hadde ein liknande bakterie i kroppen. I den perioden var det dei sjølve som skifta bleie på ho, og var saman med henne til alle døgnets tider.

Andréa Eriksson sammen med foreldrene Vidar og Kitte-Marie hjemme

Andréa viser fram blåmerke etter blodprøver. Den rosa 'tryllestaven' brukte ho til å trylle vekk sjukepleiarane når ho syns det blei nok. Det fungerte kvar gong.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Smittevernlege i Sula, Silje Elisabeth Hagen, fortalde seinare at Andréa kan ha blitt smitta av dei, men det kan dei ikkje vite sikkert.

Saknar å vere i barnehagen

Andréa koser seg i den velkjende armkroken til far, og treåringen begynner å likne på den blide jenta ho brukar å vere.

– Ho orkar framleis ikkje like mykje som før, og blir lett litt géle i føtene, men det er ikkje så rart etter å ha lege i sjukesenga så lenge, seier Vidar.

Men forma er kvikkare enn på lenge. Med auga klistra til barne-tv fortel Andréa at ho saknar bestevenene sine i barnehagen. Det står att berre fire negative testar før ho får kome tilbake til kompisane. Det gler ho seg til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL