Hopp til innhold

Kan vere slutt på problematisk pasienttransport

Pasientar i Norddal kommune har engsta seg i fleire månader for å dra til lege, og orkar ikkje tanken på å vente i timevis på pasienttransport. Men no fortel rådmannen at ordninga er tilbake til å vere forsvarleg.

Drosjer

Illustrasjonsbilde.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Fylkesmannen i Møre og Romsdal tok i slutten av oktober imot ei uromelding frå Norddal Eldreråd om helsetransporttenesta i kommunen. Helseføretaket har tatt tak i desse klagene, og sende Pasientreiser ut for å møte det fortvilte helsepersonellet.

Barnesjukdom i oppstartsfasen

Det viser seg at problema no har betra seg. Ifølgje rådmannen i Norddal, Tor Helge Stavdal, er stikkordet kommunikasjon.

– Pasientreiser forklarer desse problema som naturleg i ein oppstartsfase. Målet er ikkje nådd, men vi har merka at det har betra seg etter at vi har fått snakka saman.

Dette er ikkje første gongen at det nye transportselskapet, Lenes Bussreiser, har teke imot slike klager. Allereie tidleg i september fortalde alvorleg sjuke Anki Bäckmann frå Norddal at ho ikkje fekk den pasienttransporten ho hadde krav på.

Det skal ha gått så langt at pasientar har avbestilt legetimen sin fordi dei ikkje har krefter nok til å orke transporten.

Både pasientar og helsepersonell har vore fortvilte. Dei meiner at dette fører til at pasientane ikkje har fått den medisinske behandlinga dei har behov for.

Etterlyste meir informasjon frå helseføretaket

I klaga frå kommunen står det at transporttenesta har endra seg mykje etter at eit nytt selskap tok over. Både reise- og ventetid skal ha blitt forlenga.

– Pasientreiser har tatt sjølvkritikk, og innrømmer at dei skulle ha informert betre før bytet av transportør, seier rådmannen.

Styreleiar i Lenes Bussreiser, Per Holger Broch, har tidlegare sagt til NRK at det er veldig vanleg å oppleve usemjer når nye ordningar blir innført. Han har også erfaringar frå ein lik situasjon i Nord-Trøndelag, der det gjekk seg til etter kvart.

Helse Møre og Romsdal vil kome med sine konklusjonar når dei er ferdig med å behandle denne saka i starten av desember. Assisterande fylkeslege, Cato Innerdal, fortel til NRK at dersom det viser seg at helseføretaket ikkje kan ordne opp med sine kontraktspartar vil dei på eit seinare tidspunkt følgje opp saka.