Hopp til innhold

Legar føler seg pressa til å bruke ambulanse som «drosje»

Når pasienttransporten ikkje strekkjer til føler legane seg tvungne til å bestille ambulanse til oppegåande pasientar. Det er uakseptabelt, meiner kommuneoverlege.

Ambulanse

Legar reagerer sterkt på at oppegåande pasientar blir køyrt til lege med ambulanse i tilfelle der ei drosje hadde vore nok.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Pasientreiser har den siste tida motteke krass kritikk etter at eit nytt transportselskap tok over pasientkøyringa i fire sunnmørskommunar. No reagerer legane på at oppegåande pasientar som ikkje har behov for akutt hjelp blir sendt til behandling i ambulanse i staden for taxi.

Inger Lise Kaldhol

Kommuneoverlege i Ulstein, Inger Lise Kaldhol, meiner det er uhaldbart å bruke ambulansar når ein taxi er alt ein treng.

Foto: Tony Hall / Ulstein kommune

Legar har fortalt at pasientar kvir seg for å dra til lege fordi dei må vente i timevis på skyss. Men ifølgje kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol i Ulstein finst det mykje verre konsekvensar enn ventetida.

– Eg og andre legar i kommunen har opplevd at vi må spørje etter ambulanse fordi transportselskapet ikkje har fleire bilar tilgjengeleg. Det er uakseptabelt å bruke ambulanse i tilfelle der ei drosje hadde vore nok. Det svekker beredskapen i resten av kommunen, seier ho.

– I tillegg kan tilstanden til pasientane bli verre viss dei må vente veldig lenge.

– Det var betre før

I slutten av desember i fjor melde Helse Midt-Norge om nye avtalar for pasientkøyring. Lenes Bussreiser i Nord-Trøndelag vann anbodet i Ulstein, Herøy, Vanylven og Norddal, og etablerte seg med seks minibussar som skal dekke desse kommunane. Dei lokale taxiselskapa mista då kontraktane sine, og misnøya har sidan spreidd seg til legekontora.

Kommuneoverlegen opplever at transporttenesta er mindre fleksibel enn før, og at dei ikkje får transport når dei treng det.

– Når pasientar treng å kome til sjukehus same dagen for å bli undersøkt er det vanskeleg å få transport. Vi kan ikkje planlegge transport for desse pasientane på førehand, seier Kaldhol.

– Dårleg utnytting av ressursar

Pasient- og brukerombud i Møre og Romsdal

Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg,

Foto: Kristin Mehlum / NRK

Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, meiner at Pasientreiser bør sjekke om dei nye transportørane innfrir krava i anbodet.

– Viss det er slik at ein bruker ambulanse til pasientar som kunne blitt frakta med taxi, er det dårleg utnytting av ressursane, seier Finvåg, og legg til at det er viktig å halde ved like akuttfunksjonen i helsetenesta.

Han trur at terskelen for å klage er høg, og meiner at folk rett og slett er for dårlege til å klage.

Påverkar ambulanseberedskapen

Ifølgje retningslinjene til Pasientreiser skal legane bestille transporten dagen før. Men av og til har pasientar behov for transport på kortare varsel – og det er då ambulansane kan bli einaste alternativ.

– Viss det skjer ei ulukke eller noko anna som krev hjelp frå ambulanse med det same er det viktig at den er tilgjengeleg. Vi kan ikkje svekke beredskapen elles i kommunen for å køyre pasientar til behandling, seier Kaldhol og legg til at ein ambulanse kan vere vekke i fleire timar viss den må køyre frå Ulstein til Ålesund sjukehus.

Unødvendig å bruke ambulanse

Kaldhol jobbar også ved ein sjukeheim i Ulstein der pasienttransport er ein del av kvardagen. For ikkje lenge sidan måtte ei eldre kvinne til sjukehus, men det vart ikkje så enkelt som ein skulle tru.

– Eg ville ha ei vanleg drosje fordi kvinna har ein tilstand som krev at ho må sitje. Men taxi var ikkje mogeleg å få tak i, og kvinna måtte bli køyrt i ambulanse. Heilt unødvendig, seier kommuneoverlegen.

Kaldhol meiner at Lenes Bussreiser må auke kapasiteten for å unngå å bruke ambulansar til drosje. Styreleiar i Lenes Bussreiser, Per Holger Broch, meiner at dei leverer eit tilbod som er godt nok ifølge krava i anbodet.

– Så lenge oppdragsgivar (Pasientreiser, journ.anm.) er nøgd så er vi også det.

Busselskapet meiner at det ofte kan bli litt turbulent i oppstarten av ein ny teneste, men at det vil gå seg til etter kvart.

Alvorleg sjuke kan måtte vente

Stasjonsleiar og ambulansesjåfør Ingrid Schanche i Herøy

Stasjonsleiar og ambulansearbeidar Ingrid Schanche i Herøy opplever å måtte køyre «drosjeturar» når pasienttransporten ikkje er tilgjengeleg.

Foto: Privat

Stasjonsleiar og ambulansearbeidar Ingrid Schanche i Herøy innrømmer at dei har sett ei auke i såkalla «drosjeturar» utført av ambulansar etter at Lenes Bussreiser tok over pasientkøyringa.

– Når ein lege meiner at ein pasient har behov for ambulanse så nektar vi sjølvsagt ikkje å rykke ut. Men vi køyrer også «drosjeturar» i andre høve når pasienttransporten ikkje er tilgjengeleg, seier Schanche.

Ho har opplevd å måtte køyre pasientar til sjukehus fordi det ikkje har vore mogeleg å få tak i taxi. Herøy har éin ambulanse til disposisjon.

– Viss bilen er oppteken med ein drosjetur vil det gå utover beredskapen, og andre alvorlege tilfelle må vente. Ein kan forsvare ventetid viss ein er oppteken med ei alvorleg hending, men det kan ein ikkje på same måten med eit «drosjeoppdrag», seier ho.

Kommuneoverlegen Torill Myklebust i Herøy har tidlegare fortalt til NRK at det kan vere farleg at pasientar må vente lenge for å komme seg til legevakt eller sjukehus – men at løysinga ikkje er å bruke ambulansane til «drosjeoppdrag».

– Viktig å unngå «drosjeturar»

Ørjan Lillestøl, stasjonsleiar i Ulstein, Hareid og Sande

Ørjan Lillestøl er stasjonsleiar i Ulstein, Hareid og Sande kommune.

Foto: Privat

Ørjan Lillestøl er stasjonsleiar for ambulansen i Ulstein. Han prøver å unngå «drosjeturar» så langt det er mogeleg.

– Det sit lang inne å avslå ein tur, og då prøver vi så godt som råd er å få tak i taxi i samråd med lege. Det er viktig å halde oppe beredskapen, og då kan vi ikkje vere opptekne med slike turar, seier han.

Alle ambulansane er styrt frå Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), og viss det skjer to alvorlege hendingar på same tid kan dei setje inn fleire ambulansar der det trengst.

– Eg har ikkje sett ei auke av «drosjeturar» i vår kommune, og det er ikkje eit stort problem. Det er viktig å bruke ambulansane på ein fornuftig måte – og passe på at dei som treng drosje får det.

Bør fylle kriteria

Hans Joakim Riise ved AMK på Sunnmøre fortel at dei ikkje har fått inn konkrete tilbakemeldingar på at ambulansar blir brukt som «drosje».

– Kriteria for å bruke ambulansen er blant anna at pasienten må ligge, har behov for medisinsk behandling med det same eller treng det utstyret som er i ambulansen. Eg oppmodar folk til å melde inn konkrete tilfelle viss det blir opplevd som eit problem, seier Riise.

Ikkje uforsvarleg

Christian Bjelke

Fylkeslege Christian Bjelke har ikkje fått inn meldingar om at ambulansane blir brukt på ein uforsvarleg måte.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Christian Bjelke, er klar over at mange klagar på forseinka pasienttransport. Men han har ikkje fått inn klagar på at ambulansar vert brukt uforsvarleg.

– Vi krev at ambulansar blir brukt på ein fornuftig måte, og hittil har ikkje vi fått inn meldingar på at det ikkje stemmer. Men vi har fått klagar på at pasienttransporten har blitt dårlegare i desse fire kommunane, men om det er for dårleg, det er vanskeleg å sei, seier fylkeslegen.

Han oppmodar folk til å klage viss dei opplever uforsvarleg bruk av ambulanse.

– Pasientombodet er ein fantastisk institusjon som hjelper folk til å klage. Dei med sterke ressursar i ryggen har ofte ingen problem med å få fram kva dei meiner, men vi er opptekne av at dei svakare gruppene også slepper til, seier Bjelke.