– Dette er ein del av den langsiktige tenkinga vår. Det seier Torild Bugge, som er HR-direktør i Ulstein Group.
– Veldig mange av dei som reiser ut for å ta utdanning kjem ikkje tilbake, og med denne ordninga håper vi å stimulere nokon til å kome heim til gode jobbar her.
Ein av desse er 23 år gamle Katrine Østgaard frå Ørsta. Ho starta ved verftet gjennom TAF-ordninga (teknisk fagutdanning) i 2007. Seinare har ho studert tre år til ingeniør i Bergen, og hadde alle desse tre åra stipend frå Ulstein.
Frå golvet til kontorplass
No er ho tilbake i verftet med kontorplass som ingeniør. Då NRK var innom hadde ho nettopp starta i ny jobb og knapt nok fått etablert seg i det nye kontorhjørnet i bygget ut på Osnes like ved Ulsteinvik sentrum.
– Eg hadde lyst tilbake til Ulstein fordi eg synest det er ei veldig bra bedrift. Gjennom stipendordninga forpliktar ein seg også til eit år om der er passande arbeid.
– Eg synest det er ei genial ordning og eg hadde god nytte av desse ekstra pengane frå Ulstein. Ein er ikkje akkurat den rikaste personen når ein studerer, så litt ekstra i månaden gjer godt.
Katrine er altså ingeniør og er vel då ein attraktiv arbeidstakar ?
– Både og då. Ein skrik etter ingeniørar, men dei vil helst ha erfarne ingeniørar så for oss som er nyutdanna så er det ikkje like enkelt.