Hopp til innhold

Dei kan møte open skule trass streik. "Dårleg forslag" seier lærarane

Elevane i Kristiansund kan kome til å møte opne skuledører trass i ein omfattande lærarstreik. Fellesforbundet syns det er ein dårleg ide.

Anna (f.v.), Martin og Synne Lyngvær

Gomalandet skole i Kristiansund kan stå klar til å ta imot Martin (6) og Synne Lyngvær (9) sjølv om det skulle bli ein lærarstreik. Anna (5) t.v. går førebels i barnehagen.

Foto: privat

Fortvilte foreldre og ferietrøytte elevar kan kome til å oppleve at skulen er open i Kristiansund trass i ein omfattande lærarstreik. Kommunen seier dei vil strekkje seg langt for å unngå stenging.

– Ein streik i grunnskulen vil jo ramme veldig mange ungar, og mange har ikkje moglegheiter for å få barnepass andre stader, så eg syns det høyrest veldig positivt ut, seier Tore Lyngvær, FAU-leiar ved Gomalandet skole i Kristiansund.

Les også:

– Vil strekkje seg mot brukarane

Kommunalsjef Christine Reitan

Kommunalsjef Christine Reitan i Kristiansund seier kommunen først og fremst pliktar å strekkje seg for brukarane.

Foto: Petter Ingeberg

For trass i ein eventuell omfattande lærarstreik vil Kristiansund kommune gjere det dei kan for å halde skulane opne. Fleire tusen lærarar kan gå ut i streik samstundes som skulane opnar igjen. Det varsla Utdanningsforbundet onsdag morgon. Kommunalsjef Christine Reitan seier foreldra og ungane er ein uskuldig tredjepart.

– Vårt hovudansvar er å gje eit godt tilbod til våre brukarane. Dersom vi blir tvungne til å strekkje oss, så må vi strekkje oss mot brukarane, det må det ikkje vere tvil om, slår Reitan fast.

– Betyr det at både skular og klasser kan bli opne trass i ein omfattande lærarstreik?

– Dersom vi får det til på ein forsvarleg og god måte, kan eg ikkje avvise det, seier ho.

  • Syns du det er bra at kommunen prøvar å halde skulane opne trass i streiken? Ver med i diskusjonen under artikkelen!

Møter skepsis hos lærarane

Bjørn Thore Schrøen

Lokallagsleiar Bjørn Thore Schrøen i Utdanningsforbundet likar ikkje at kommunen vil prøve å halde skulane opne.

Foto: Utdanningsforbundet

Men lærarane syns ikkje dette er noko godt forslag, og seier det viser ei endra haldning hos kommuneleiinga i Kristiansund. Molde kommune har førebels ikkje vurdert kva dei skal gjere, i Ålesund avviser kommunalsjef Ronny Frekhaug at dette kan bli aktuelt.

– Eg syns det er eit dårleg forslag. Vi skal leve saman i ettertid også. Det er viktig at begge partane held seg 100 prosent til spelereglane, og ikkje prøvar å mekke til ordningar som gjer at ein konflikt blir ufarleggjort eller ikkje så merkbar som den eigentleg skal vere, seier leiaren i Utdanningsforbundet i Kristiansund, Bjørn Tore Schrøen.

73 prosent sa nei

1. juli blei 36 lærarar tekne ut i streik på Rothaugen skole i Bergen. Det skjedde etter at 73 prosent av lærarane – i uravrøystinga – sa nei til avtalen mellom Utdanningsforbundet og KS. Om to veker kan streiken bli kraftig opptrappa i det skulane skal starte opp igjen.

Les også:

Forstår utfordringane til foreldra

Tore Lyngvær

FAU-leiar Tore Lyngvær ved Gomalandet skole seier ideen om å prøve å halde skulane opne trass i lærarstreiken er god.

Foto: privat

Men kommunalsjefen slår ettertrykkeleg fast at dei vil halde seg til spelereglane, og at det ikkje er snakk om å endre arbeidsoppgåver eller -tidspunkt for assistentane i Kristiansund. Hennar sympati ligg først og fremst hos foreldra.

– Eg har full forståing for at det å vere småbarnsforeldre og skulle finne andre tilsynsordningar til barna sine, er ein veldig vanskeleg situasjon, seier Reitan.

Lengtar tilbake til skulen

Heime hos FAU-leiaren på Gomalandet er dei to eldste ungane i ferd med å bli leie av sommarferie, og lengtar tilbake til skulekvardagen. Planen frå kommunen om å halde så mange av skulane som råd opne, slår godt an.

– Dei er veldig klare for å møte venene sine og kome inn i ein ordinær rytme. Eg høyrer mange foreldre er opptekne av om det blir streik. Dette er ei god nyheit for oss, slår han fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL