Hopp til innhold

Eidemann meiner straffa var for streng og ankar til Høgsterett

Både mannen som er dømt for forsettleg drap på Kirsti Slinning og riksadvokaten ankar straffeutmålinga til Høgsterett.

hotell Alexandra i Molde

På hotell Alexandra i Molde vart Kirsti Slinning drepen av den 58 år gamle mannen frå Eide.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

58-åringen frå Eide som vart dømt til 12 års fengsel i Frostating lagmannsrett etter drapet på Kirsti Slinning, ankar straffeutmålinga, melder Sunnmørsposten.

– Bakgrunnen for at min klient ankar er at han meiner at dommen er for streng, seier forsvarer Paal Berg Helland til avisa. Den drapsdømte mannen meiner at straffa burde vere 11 år.

LES OGSÅ:

Meiner straffa er for mild

Også riksadvokaten ankar straffeutmålinga.

Vi meiner at straffa på 12 år er for mild, seier 1. statsadvokat Jan Hoel hos Statsadvokatane i Møre og Romsdal til Sunnmørsposten.

Brutalt drap

Kirsti Slinning blei drepen i samband med ei fagforeiningssamling på Hotell Alexandra i Molde hausten 2011.

I dommen blir drapet og mishandlinga omtalt som brutalt. I tillegg blir det skrive at drapet ber preg av å vere eit affektdrap. Drapet skjedde ved kveling. Aktor i saka, Magne Nyborg, kravde 14 års fengsel, fordi det var fleire skjerpande moment.

Lagmannsretten kom fram til 12 år.

Ankeutvalet i Høgsterett skal no vurdere om saka skal behandlast i Høgsterett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL