- Dobbel-cd-en som kjem denne veka er eit godt døme på at også det heilt oppsiktsvekkjande er å finne i arkiva våre, seier arkivsjef i NRK, Bjarne Grevsgard.
Cd-en baserer seg på opptak gjort av NRK i perioden 1959-1971. Meisterspelemannen Odd Bakkerud frå Nes i Hallingdal dominerte og imponerte på kappleikar frå 1955 og tjue år framover, men lite kom ut på plate.
Samarbeid
- Når vi no har inngått eit samarbeid med det unge plateselskapet ta:lik records er det blant anna fordi vi ønskjer å presentere ein stor musikar som Bakkerud og dei genuine opptaka NRK sit på, seier Grevsgard.
Platesleppet skjer på heimebane under Buskerudkappleiken på Nesbyen. Fredag 8. april blir det eigen konsert i høve sleppet.
Fleire cd-ar i år
NRK er involvert i ulike samarbeidsprosjekt som skal resultere i cd-ar med materiale frå folkemusikkarkivet, nokre av dei svært lokale. Med eit samarbeid med ta:lik på plasser, er NRK i ferd med å leggje planar for ei rekkje cd-ar utover året.
- Vi presenterer ikkje mindre enn 41 opptak med Odd Bakkerud. Og møter ein musikar med ei innleving og ein intensitet som grip tak i alle som ikkje har utstyrt seg med mental hardingfele-sperre.
Stoff frå arkivet
Før jul opna NRK ein rein folkemusikkanal på DAB digitalradio og nettradio. No lanserer NRK eit samarbeid med plateselskapet ta:lik som skal gjere at meir av det unike materialet som finst i folkemusikkarkivet kjem ut på cd.