Fylkesmannen tok tidlegare torsdag ut tilsynssak mot Molde kommune, etter at NRK avslørte at mange bebuarar ligg på tremannsrom på omsorgssenteret på Glomstua.
- Les også:
- Les også:
Då Molde kommune hadde kommunestyremøtet i dag var saka det store samtaleemnet. Nyheita kom som ei stor overrasking på dei fleste i salen.
– Eg reagerte med at eg synest at det ikkje er forsvarleg, og eg har gått så langt som å seie at eg beklagar på vegner av kommunen, seier Torgeir Dahl til NRK.
Saka kom i tillegg til Røbekk-saka, der sjukeheimen kanskje blir nedlagt. Før kommunestyremøtet tysdag blei Dahl møtte av sinte menneske som til og med
.– Utruleg og kritikkverdig
Wilhelm Wilkens, kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Molde, fortel at Glomstua-saka kom som lyn frå klår himmel.
– Heilt utruleg, det var ei kjempeoverrasking å få vite det, og det er ganske så kritikkverdig at Eldrerådet ikkje har fått vite om det, meiner Wilkens til NRK.
Pensjonistforbundet sendte bekymringsmelding til fylkesmannen i Møre og Romsdal, som igjen har tatt ut tilsynssak mot Molde kommune.
– Veldig fortent, veldig fortent. Ris til eigen bak, og det er ein god ting at fylkesmannen følgjer opp dersom han tek det alvorleg, seier Wilkens.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
Fylkeslegen vil få saka avklart
Assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, Cato Innerdal, fortel at bekymringsmeldinga blir tatt alvorleg.
– Det er opplysningar om at pasientar i lengre tid har budd på to- eller tremannsrom, noko som gjer at vi finn det nødvendig å avklare dei faktiske forholda.
Ordførar Dahl vil endå ein gong presisere at dette ikkje er noko Molde kommune ønskjer.
– Vi beklagar det, og vi vil ikkje ha det sånn, slår han fast.
Ingen diskusjon
På kommunestyremøtet torsdag blei det difor ingen diskusjon om å legge ned sjukeheimsplassar. Dei skulle eventuelt erstattast av døgnbemanna bufellesskap og styrking av heimeteneste.
To- og treromsproblemet må løysast først.
– Det vi seier no er at det ikkje er slik at vi kan leggje ned sjukeheimsplassar. Vi må finne ei finansiering på det. Det er utfordringa no, ikkje viljen, fortel Høgre-ordføraren.
No vil politikarane rydde vekk to- og tremannsromma – snarast råd.
– Eg trur det skal gå ganske fort, smiler Dahl.
– Eg heldt på å seie «i dag», men det er sjølvsagt ikkje mogleg. Vi må i alle fall gripe fatt i det og ta det svært alvorleg, slår Wilhelm Wilkens fast.