Hopp til innhold

Sunnmøringar må reise tre timar til legevakt

Frå 2016 vil ni kommunar på nordre Sunnmøre samarbeide om éi legevakt i Ålesund. Dette er for å kunne tilby legevakt døgnet rundt.

Ålesund legevakt

Døgnlegevakta vil vere klar i 2016, men frå 2015 vil fleire kommunar bruke legevakta i Ålesund på kveld, natt og helg.

Foto: Frode Berg / NRK

Stranda kommune skal nytte legevakta i Ålesund utanom normal kontortid, og pasientar frå Geiranger kan få landets lengste reiseveg til legevakta.

Dei som bur i ytterkantane av kommunen må regne med ei reisetid på opptil tre timar.

Administrerande leiar for legevakta i Ålesund, Reidun Trones Vikan, meiner det er forsvarleg med ei legevakt som er langt unna.

Ho har erfaring med samarbeidet med Haram kommune, som også har fleire øyer. Der har det hittil gått bra.

Vil føre til at færre reiser til legevakta

Guttorm Raknes

Guttorm Raknes seier at det er ein klar samanheng mellom reiseveg og bruken av legevakta.

Foto: Martin Steinholt / NRK

Guttorm Raknes, som har forska på reisetid til legevakt, seier at færre besøker legevakta når ein bur langt unna.

– Tre timer er i noregstoppen når det gjeld reisetid til legevakt. Det er ein klar samanheng mellom reiseveg og bruken av legevakta, seier Raknes.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, håper at innbyggjarane kan leve med den nye ordninga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Strandaordførar Jan Ove Tryggestad var tidlegare i år kritisk til sentralisering av legevakta. Men i 2016 må pasientane i Stranda reise til Ålesund på kveldstid og i helgene.

– Vi var i utgangspunktet ikkje veldig glad for at legane i Stranda kommune ikkje lenger ville vere ein del av samarbeidet for legevakta, men det respekterer vi, og finn heller ei løysing som vi forhåpentlegvis kan leve med, seier ordføraren.

Døgnlegevakta vil vere klar i 2016, men frå 2015 vil fleire kommunar bruke legevakta i Ålesund på kveld, natt og helg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL