Hopp til innhold

Helgestengt barneavdeling skaper utfordring for legevakta

I tre veker har barneavdelinga i Kristiansund hatt helgestengt. Dette har gitt utfordringar for legevakta. Dei meiner stenginga er for dårleg planlagt. Helseføretaket på si side ynskjer at legevakta omstiller seg.

Legevakta i Kristiansund

Legevakta i Kristiansund skal i møte med Helse Møre og Romsdal, der ein skal snakke om korleis dei første vekene etter helgestenging av barneavdelinga har gått.

Foto: Roar Halten / NRK

Ove Økland

Ove Økland er klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsda

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Måndag fortalde NRK om fire månadar gamle Arthur Olai som vert mata gjennom ei sonde. Då denne sonden ramla ut i helga måtte foreldra som bur i Tingvoll køyre heilt til sjukehuset i Ålesund for å legge den inn att, fordi barneavdelinga i Kristiansund er stengt. Køyreturen tok nesten tre timar med venting på ferja. Foreldra syntest det er fortvilande og uverdig at dei måtte reise så langt for at sonen skulle få i seg næring.

Ove Økland er klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsdal. Han seier at det å legge inn ei sonde vert gjort av mange i helsevesenet, ikkje berre barnelegar.

– Sjukepleiarar har hatt det i studiet, anestesilegar gjer det og ein legevaktlege kan gjere det lett dersom han har fått opplæring i det, seier Økland.

Må justere praksisen

Far sammen med sønnen Arthur Olai Brevig

I helga vart fire månader gamle Arthur Olai Brevig sendt til sjukehuset i Ålesund for å få lagt inn sonden på nytt. Det vart ein køyretur på nesten tre timar.

Foto: Privat

Klinikksjefen trur grunnen til at babyen vart sendt til Ålesund handlar om at slike ting har blitt gjort på barneavdelinga før og at det tar tid å omstille seg.

– Det er ei omstilling for legevakta i Kristiansund som har vore godt vand med ei barneavdeling som er open i helgene, seier Økland. Omlegginga som no har skjedd betyr at tidlegare praksis må endrast.

Han viser til at det er laga gode prosedyrar for å handtere akutt og kritisk sjuke barn. Ikkje alle av desse har behov for å bli sendt til barneavdelinga.

– Når ein lege ser på barnet må han vurdere om barnet kan få hjelp lokalt eller må sendast til Ålesund, seier Økland.

Har ikkje legevaktlegen kompetanse på området sjølv, er neste spørsmål om akuttmottaket ved sjukehuset i Kristiansund kan vere til hjelp.

Må ha opplæring

Askill Sandvik er legevaktsoverlege i Kristiansund. Han seier at det er ein del prosedyrar på barn bør utførast av personale som gjer dette fast og ikkje av tilfeldige personar hos legevakta eller mottaket ved sjukehuset. Sandvik vil ikkje kommentere den konkrete saka om babyen som vart sendt til sjukehuset i Ålesund for å legge inn sonde på nytt.

– Dersom slike prosedyrar skal utførast hos legevakt og i mottaket må ein samarbeide om det. Det trengst tilstrekkeleg opplæring og det må vere kommunisert på førehand. Ikkje slik som helseføretaket har gjort ved å legge ned funksjonen i helga og forvente at andre tar ansvar utan å ha gått inn i ein god nok prosess på førehand, seier Sandvik.

Bortsett frå eit møte med primærhelsetenesta like før stenging, meiner overlegen at det har vore lite dialog. Han saknar betre planlegging før barneavdelinga vart helgestengt. Sjølv meiner han at det å helgestenge barneavdelinga er ei dårleg løysing, som fører til auka belastning for barna som må reise langt.

Mange sjuke born

Helseføretaket har ikkje gått gjennom dei 10 innleggingane dei tre vekene barneavdelinga har hatt helgestengt, men Økland synest at det har vore relevante innleggingar så langt. Han trur talet på barn frå Nordmøre som treng å leggast inn på barneavdelinga i Ålesund vil variere ut ifrå årstider. Normalt er det mange sjuke born no på denne tida av året.

Om to veker skal det vere eit møte mellom Helse Møre og Romsdal og legevakta i Kristiansund. Her vil ein diskutere korleis ein skal få til best moglege løysingar.

Frå og med i dag blir barneavdelingen ved Kristiansund sjukehus helgestengt. Dei berørte liker dårlig at helseforetaket sender sjuke barn til Ålesund for å spare pengar.
Planene om helgestengt barne- og ungdomsavdeling ved sjukehuset i Kristiansund er omstridt. 
I dag møtte fleire aktørar i Kristiansund for å planlegge protestaksjonar.
Foreldre til kronisk sjuke barn, fortvilar over kuttplanar, som kan gi helge-stenging av barneavdelinga i Kristiansund. For eit par i Eide kjennest innsparingsvedtaket som ein rein trugsel mot livet til det kjæraste dei har.