Hopp til innhold

Støttar forsking på algar

Sparebanken Møre gir to millionar kronar til eit PhD-stipendiat ved Møreforsking. Pengane er ein del av eit prosjekt i den marine klynga, og skal blant anna gå til å samle inn kunnskap om bruk av algar i menneskemat.

PHD-stipend til Møreforsking

Frå venstre Odd Gjørtz i Arena- klynga Legasea, forskingssjef i Møreforsking, Agnes Gundersen og regionbanksjef, Terje Krøvel.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Forskingssjef i Møreforsking, Agnes Gundersen, seier pengegåva har stor betydning for arbeidet deira.

– Det er ei fantastisk gåve. Vi har ikkje eigne PhD-ordningar i instituttsektoren, så det at Sparebanken gir oss midlar til dette er avgjerande for kompetansebygginga vår, seier Gundersen.

Rekordhøgt utbytte

Styret i Sparebanken Møre deler ut totalt 136 millionar kronar til ulike formål i Møre og Romsdal. Aldri før har samfunnsutbyttet frå banken vore så stort. Regionbanksjef, Terje Krøvel, seier at pengane skal kome lokalsamfunnet til gode.

regionbanksjef, Terje Krøvel.

Regionbanksjef, Terje Krøvel, seier det er viktig for Sparebanken å bidra til utviklinga i lokalsamfunnet som dei er ein del av.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Det er viktig for oss å vere ein drivande kraft og medspelar i utviklinga av det samfunnet som vi er ein del av seier, Krøvel.

Han trekkjer fram kompetanseutvikling som eit av satsingsområda til banken. Millionstøtta til Møreforsking er ein viktig del av dette, seier Krøvel.

– Vi ynskjer og bidra til å løfte kompetansen gjennom å samarbeide med næringslivet i vårt distrikt. Vi meiner dette er eit viktig prosjekt som kan kome næringslivet til gode, seier han.

Algar i menneskemat

PhD- arbeidet til Møreforsking blir knytt til kunnskap om bruk av algar i menneskemat, for eksempel som ei erstatning for salt.

– Pengane vil gå til å delfinansiere ei doktorgradsstilling som skal ha hovudfokus på tørking og prosesseringsteknologi i samband med produksjon av algar, seier Gundersen i Møreforsking.

PhD-stillinga skal vere ein del av prosjektet PROMAC, som skal sjå på energieffektiv prosessering av makroalgar i blågrøne verdikjeder. Prosjektet har oppstart i 2015 og vil gå over ein fireårsperiode. PROMAC representerer ein internasjonal gruppe av forskarar med brei tverrfagleg spisskompetanse. Møreforsking vil leie prosjektet i samband med fleire samarbeidspartnarar.

– No får vi ein PhD- stipendiat som er med på å bygge kompetanse som næringslivet treng. På den måten kan vi og næringslivet vere med på å forme denne prosessen, seier Gundersen.

Skal bli like sterk som den maritime klynga

Odd Gjørtz i Arena- klynga Legasea, er ein av samarbeidspartnarane til Møreforsking. Han trur den marine klynga har gode moglegheiter til å utvikle eit sterkt næringsliv, skape arbeidsplassar og auke verdiskapinga i regionen.

– Draumen er at den marine klynga skal bli like sterk som den maritime klynga er på Sunnmøre i dag, seier han.

Gjørtz meiner pengegåva frå Sparebanken er viktig for å heve kompetansen innanfor det marine næringslivet.

– Det er viktig å kople akademia med erfaringar frå næringslivet. Denne pengegåva bidreg til å kople desse elementa saman på ein god måte, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL