Hopp til innhold

Klart for kommersiell dyrking av tare i Solund

Solund-verksemda Hortimare AS får konsesjon på kommersiell dyrking av makroalgar (tare).

Hortimare sitt anlegg i Solund

FÅR KONSESJON: Verksemda Hortimare i Solund har i fleire år dyrka tang og tare ved oppdrettsanlegget til Sulefisk i Solund. No får verksemda konsesjon.

Foto: Frode Hovland / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Verksemda som i mars i fjor vart tildelt innovasjonsprisen under konferansen North Atlantic Seafood Forum, vil nytte lokaliteten til å utvikle og prøve ut metodar for dyrking av makroalgar.

På sikt er det ynskjeleg å etablere ei full næringskjede med godt distribusjonsnett, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Konsesjonen i Solund gjeld dyrking i sjø og hald av stamalgar på land av sukkertare, butare, fingertare og søl.

Dyrking av makroalgar er ikkje uvanleg i Asia, der algar i stor grad vert nytta i matlaginga. Berre i Kina vert det dyrka over seks millionar tonn makroalgar årleg.

Tare og Høy ved Hortimare sitt anlegg i Solund.

POPULÆRT: Tare og Høy ved Hortimare sitt anlegg i Solund.

Foto: Frode Hovland / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Norge har som mål å bli verdas leiande sjømatnasjon og makroalgar blir sett på som eit supplement for å nå dette målet. Her til lands har det siste åra vore gjort fleire forsøk med dyrking av tare.

Dei fleste i regi av oljeselskap som vurderer å nytte tare til biodrivstoff.

– Norge med sitt reine sjøvatn bør ha stort potensial for å nytte denne ressursen, meiner Lena Søderholm, marin fagkoordinator i fylkeskommunen.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med dagleg leiar Job Schipper i Hortimare, men fylkeskommunen skriv i pressemeldinga at små kimplantar av tare vert festa til tauverk som så sidan vert sett ut på bøyestrekk i sjøen.

Det er inga fôring i produksjonssyklusen, då tareplantane veks av sollys og næringsstoff som finst i sjøvatnet.

Sogn og Fjordane er truleg det første fylket i landet med konsesjonar for akvakultur av vasslevande planter.

– Vi har gode moglegheiter til å dyrke etterspurde artar av tare med høg kvalitet her i fylket. Taren kan vidare nyttast til både legemiddel, mat og dyrefôr, seier Søderholm i pressemeldinga.